Sosiale tenester

Avlasting og støtte

Dersom du eller andre i familien din har omsorg for eldre, funksjonshemma eller andre pleietrengande, kan de søkje om ulike avlastningstilbod. Slik avlastning kan ein få både i og utanfor heimen. Eit dagtilbod eller korttidsopphald på sjukeheim er døme på slike tenester.

Sist endra 03.11.2015

Ei tjeneste for menneske som på grunn av omfattande funksjonssvikt treng bistand og hjelp til å fungere i dagleglivet. Brukarar av tjenestene bur enten i bufellesskap med heildøgns omsorgstjenester, anna privat buform, eller heime hos foreldre.

Tilbodet gjeld menneske som på grunn av sjukdom, funksjonshemming, psykisk utviklingshemming og familiar med barn med nedsett funksjonsevne eller som på grunn av alder treng bistand og hjelp.

Assistansen skal gi eit heilskapleg liv.

Vindafjord kommune har tilbod som skal bidra til at familiar til menneske med fysisk funksjonshemming og/eller psykisk utviklingshemming får den hjelp dei treng for å kunne meistra særleg tyngande omsorgsoppgåver. Samtidig skal tilbodet skape tryggleik for brukar.

Avlastinga kan ha ulike former. Det kan vere opphald i vanleg familieheim tilpassa den enkelte brukar, eller andre tjenester etter nærare oppsette kriterium - utforma i vedtak.

Følgjekort skal gi funksjonshemma med trong for hjelp same høve som andre til å delta på aktivitetar i samfunnet.

Støttekontakt er eit godt innarbeid tiltak som vert nytta av fleire brukargrupper som barn, unge og vaksne med psykiske vanskar, yngre og eldre funksjonshemma og rusmiddelmisbrukarar m.v.

Kontaktperson: Nina Haslemo, tlf: 53 65 56 23, mail: nina.haslemo@vindafjord.kommune.no

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering