Sosiale tenester

Tilrettelagt arbeid – Aktivitetstilbod

Personar med særleg behov på grunn av psykisk utviklingshemming og/eller fysisk funksjonshemming kan få tilrettelagt arbeid og aktivitetstilbod etter individuelle behov.

Målet er å gi eit meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre, etter eigne behov og ressursar, samtidig med ei utvikling av den enkelte sine ressursar.

Brukar får ei funksjonsvurdering som er grunnlag for tilbod om arbeid på brukar sine premissar. Ein får personale tilgjengeleg som gir rettleiing og fagleg oppfølging i faglege forsvarlege tjenester ut ifrå mål om eigenverd, sjølvstende og normalisering. Det vert gitt oppmuntringsløn etter nærare fastlagde beløp.

 

Søknad

Tjenester vil som regel vere kjend for eininga etter langvarig samarbeid med brukar/pårørande. Ta kontakt med Eining funksjonshemma om du lurer på noko.

Søkjar vert kontakta innan 3 veker, og vedtak skal innehalde tildelte tjenester og ressursbruk, samt tidspunkt for vedtaket.

Tilrettelagt arbeid blir gitt ved Vindafjord aktivitetshus, men også i andre kommunale tiltak som barnehagar, omsorgssenter m.v. Tjenesta kan også kjøpast eksternt.

 

Serviceerklæring - Helse- og omsorgstjenester (PDF, 43 kB)

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord
Rådhusplassen 1 Rådhusplassen 1
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 55 55 33 33

Opningstid
: Måndag, tysdag, onsdag og fredag: 10-14. Torsdag: 11-15.