Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

Sosiale tenester

Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet er ein ny moglegheit for deg som:

Kvalifiseringsprogrammet er for deg mellom 18-67 år som ynskjer å jobbe, men treng ekstra oppfølging for å klare det. Eit kvalifiseringsprogram er eit tilbod om oppfylging og arbeidstrening. Målet med programmet er at du skal få den oppfylginga du treng for å kome i arbeid eller aktivitet. Programmet er på fulltid og kan mellom anna innehalde arbeidsretta aktivitetar, utdanning og opplæring, nødvendig helsehjelp og tett individuell oppfylging og rettleiing. Programmet kan også innehalde andre aktivitetar som støttar opp under og førebur deg på overgangen til arbeidslivet.

 Du må vere i yrkesaktiv alder og ha vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne, ha behov for tett oppfylging og ha ingen eller svært avgrensa ytingar frå NAV.

Søknad om deltaking i kvalifiseringsprogrammet (PDF, 66 kB)

Kva er eit kvalifiseringsprogram?
Kvalifiseringsprogrammet er for deg mellom 18-67 år som ynskjer å jobbe, men treng ekstra oppfølging for å klare det. Eit kvalifiseringsprogram er eit tilbod om oppfylging og arbeidstrening. Målet med programmet er at du skal få den oppfylginga du treng for å kome i arbeid eller aktivitet. Programmet er på fulltid og kan mellom anna innehalde arbeidsretta aktivitetar, utdanning og opplæring, nødvendig helsehjelp og tett individuell oppfylging og rettleiing. Programmet kan også innehalde andre aktivitetar som støttar opp under og førebur deg på overgangen til arbeidslivet.

Kvalifiseringsprogram er på 37,5 timar per veke. Kvalifiseringsprogram kan bli gitt for ein periode på inntil eit år. Etter ei ny vurdering kan programmet bli forlenga.

Kven kan delta?
For å delta i kvalifiseringsprogrammet må du vera i yrkesaktiv alder, ha vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og ha behov for tett oppfylging. Du må ha ingen eller svært avgrensa ytingar frå NAV eller vært avhengig av økonomisk sosialhjelp over tid eller stå i fare for det. Du må ha lovleg opphald og fast bustad i Noreg. Du må gjennomgå ei arbeidsevnevurdering og NAV Vindafjord vil vurdera dine behov og vurdere om programmet vil vera nyttig for deg.

 

Kva økonomisk stønad får du?

Som deltakar i kvalifiseringsprogram har du rett til kvalifiseringsstønad.

Korleis søkjer du?

Du må ta kontakt med NAV Vindafjord eller sende inn søknadsskjema om deltaking i kvalifiseringsprogrammet.

Følg lenke: https://www.vindafjord.kommune.no/_f/p11/ib0958af9-2856-47e6-9753-b4a789ea4418/soeknad_om_deltagelse_i_kvalifiseringsprogrammet.pdf

Kontakt KVP-team ved NAV Vindafjord direkte på  47 63 03 57

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord- Etne
Rådhusplassen 1
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 55 55 33 33 (08:00 - 15:30)

Opningstid
: 12:00 - 14:00