Kvalifiseringsprogrammet er ein ny moglegheit for deg som:
Kvalifiseringsprogrammet er for deg mellom 18-67 år som ynskjer å jobbe, men treng ekstra oppfølging for å klare det. Eit kvalifiseringsprogram er eit tilbod om oppfylging og arbeidstrening. Målet med programmet er at du skal få den oppfylginga du treng for å kome i arbeid eller aktivitet. Programmet er på fulltid og kan mellom anna innehalde arbeidsretta aktivitetar, utdanning og opplæring, nødvendig helsehjelp og tett individuell oppfylging og rettleiing. Programmet kan også innehalde andre aktivitetar som støttar opp under og førebur deg på overgangen til arbeidslivet.
Du må vere i yrkesaktiv alder og ha vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne, ha behov for tett oppfylging og ha ingen eller svært avgrensa ytingar frå NAV.
Søknad om deltaking i kvalifiseringsprogrammet (PDF, 130 kB)