Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

Skjold skule

Hei Verden!

Hei Verden logo - Klikk for stort bilete

Tysdag 7. juni kl. 14-17 er det tid for den årlege aksjonsdagen vår Hei Verden! Hovudmålet for dagen er å samla inn pengar som skal gå til prosjekt der barn i fattige land får hjelp. I år støttar Skjold skule prosjekt i Bangladesh. Det går an å lese meir om prosjektet her og her eller på heimesida til Hei verden.

Før aksjonsdagen får klassane besøk av representantar frå Hei Verden! som fortel om arbeidet i Bangladesh og i organisasjonen generelt. Dei fleste klassane har også eigne aktivitetar på sjølve aksjonsdagen som dei planlegg på førehand. Det blir dart, svampekasting, ansiktsmaling, kafe, sal av småvarer frå andre land, loppemarknad +++

 

Nytt av året er at aksjonen blir offisielt opna kl. 13.30 med sponseløp. Avslutninga vil bli markert med eigenprodusert framsyning av valfagsgruppa "Sal og scene" i kultursalen kl. 16.30.

 

Velkommen!  

Kontaktinformasjon

Skjold skule
Vikanesvegen 4,
5574 Skjold
E-post : skjold.skule@vindafjord.kommun..
Telefon
: 53 65 57 40