Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

Skjold skule

Fjelltur for ungdomstrinnet

Onsdag 23.09 var heile ungdomstrinnet på fjelltur til Trodlafjellet i Vikebygd.  

Kvar haust går ungdomstrinnet på skulen til fjells, me vekslar mellom turar i dei tre bygdene.

Klikk for stort bilete

Onsdag 23.september sette ungdomstrinnet kursen mot Vikebygd, rundt 150 elevar saman med lærarar og fagarbeidarar skulle til fjells. Bussane stoppa ved kyrkja og her gjekk turen oppover. Elevane kunne velja mellom to løyper; dei sprekaste gjekk fyrst til Trodlafjellet, som er 637 moh , vest for Vikestølen, og så vidare til Trodlanibbå, som er 536 moh.

Resten av gjengen gjekk til Trodlanibbå, her kunne dei nyta utsikten over store delar av Sunnhordland. Alle gjekk ned til Bygdahuset i Vikebygd, der bussane venta på elevane frå Skjold og Vats.

Klikk for stort biletePå veg ned

Klikk for stort biletePå veg opp TrodlafjelletKlikk for stort bileteTraktorvegen oppKlikk for stort biletePause med utsikt

Kontaktinformasjon

Skjold skule
Vikanesvegen 4,
5574 Skjold
E-post : skjold.skule@vindafjord.kommun..
Telefon
: 53 65 57 40