
Skjold skule er plassert sentralt på Vikaneset, med flotte idrettsfasilitetar, bygdehus, barnehage og kyrkje like ved. Ein fantastisk blanding av om lag 300 elevar frå 1. – 10. trinn, og noko over 40 tilsette i skule og SFO, syter for ein pulserande skulekvardag i området lengst vest i Vindafjord kommune.
Elevane våre på ungdomssteget kjem frå bygdene Vikebygd, Vats og Skjold, og er mange nok til at trinna er organisert i to klassar på kvart steg. På barnetrinnet kjem elevane frå Skjold og dei nærliggande grendene, og her treng vi stort sett berre ein klasse på kvart steg.
Skjold skule har vore drive sidan 1974. Det har vore ulike endringar i skulestrukturen opp gjennom tidene, men Liarheim, Alendal, Eggja, Ersland, Haugen og Langeland skular har tidlegare eksistert i vårt område. Gamle Ersland skule står som skulemuseum inne i skulegarden på Skjold skule no.
Her er fakta frå Skoleporten om Skjold skule