Vindafjordhallen i Vats brann ned til grunnen

Natt til måndag 22. juli Klikk for stort bileteVindafjordhallen brennFoto: Politiet brann fleirbruksanlegget Vindafjordhallen heilt ned til grunnen.

Brann vart meld til brannvesenet klokka 02.16 natt til måndag 22. juli, og då stod flammane gjennom taket. - Det brenn, og det brenn godt, melde politiet om då.

Rett før klokka 03.00 melde politiet om at slukking var i gong, og at det ikkje var snakk evakuering eller at det var fare for menneskeliv.

Litt over klokka 03.00 vart det meldt at bygget var overtent, og at deler av bygget ville brenne ned til grunnen.

Om lag klokka 05.00 melde politiet at bygget var heilt nedbrent, og at det kun står nokre murveggar og eit stupetårn igjen.

Brannvesenet kjem til å vere på staden utover mandagen.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30