OPPHEVA - Vatningsforbod i Sandeid, Skjold, Vikedal, Vats og Vikebygd gjeld ikkje lenger

Revebjellar - Klikk for stort bilete

Vatningsforbod med slange og spreiar er innført i desse områdene:

Skjold, Vikedal og Vats.

I Vikebygd og Sandeid er det greitt å bruka slange, men ikkje spreiar.

Grunnen til dette er at det minkar på vatn i vasskjeldene og at meldingane om godt ver ser ut til å vare.

Større badebasseng må ein ikkje fylle opp nå.

Vi tar imot tips om lekkasjar til tlf 480 99 253.

Når det er så tørt som nå, kan gjerne våte partier vere frå ein vassleidning med hol i  eller ein krane som ikkje stenger godt nok.

Vindafjord kommune har avtalt med Knapphus bensin AS at private som ikkje lenger har vatn i eigen brønn, kan få fylle opp tankar og kanner som dei har med.

Betaling blir direkte til bensinstasjonen. Fylling må tilpassast kapasitet på bensinstasjonen, slik at ein må rekne med litt ventetid.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30