Utvikling av smittesituasjonen i Vindafjord kommune

Klikk for stort bilete  

Vindafjord kommune fekk onsdag 28. oktober ytterligare ein positiv test på COVID-19, og smittesporing pågår. Samla sett foregår det no 6 ulike «smittesporingsprosjekt» i kommunen, med samla 8 smitta, og per no er det uavklart kvar smitten har sitt opphav i to av desse «prosjekta».

Testing av barn og tilsette ved FUS Ølensjøen, som har fått eitt positivt smittetilfelle, fortset i dag, og det er venta svar på desse testane fredag og laurdag. Barnehagen held stengt til det er avklara at det ikkje er vidare smittespreiing

Sidan starten på pandemien i vår har Vindafjord Kommune no samla sett hatt 31 smittetilfeller, og vi opplever no eit aukande smittepress i kommunen. Vi vil difor på nytt oppfordre innbyggjarane til å halde seg heime og teste seg om ein har symptom på COVID-19. Ta då kontakt med teststasjonen tlf. 53 65 60 34.

Kommunelege og Kommunedirektør har i samråd avgjort at ein ønskjer å oppmode lag og organisasjonar i Vindafjord Kommune til å avgrense tilbod som inneber større fysiske samlingar innandørs ut neste veke. Dette inneber mellom anna at innandørstreningar i hallar og svømmehall bør utgå. Vindafjord Kommune stenger våre hallar/anlegg for utleige ut neste veke.

Den nært føreståande Halloween feiringa bør ikkje gjennomførast i tradisjonell forstand. Det vil seie, unngå «knask eller knep»-runden på dørene og minimer feiringa til berre å gjelde innanfor eksisterande skule- og barnehagekohortar. FHI har også kome med råd for gjennomføringa av Halloween.

I Vindafjord Kommune vil vi oppmode tilsette som kan nytte heimekontor utan at det får innverknad på «ordinær drift» til å gjere dette, og vi vil rette ut same oppmoding til næringslivet i kommunen. Med ein uavklart smittesituasjon bør ein avgrense talet på nærkontaktar mest mogeleg.

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30