Utbrot av MRSA i Vindafjord kommune

Blomstrande epleblome - Klikk for stort bilete

Det er eit pågåande utbrot av MRSA på Ølen omsorgssenter. Det er sett i gang smittetiltak og behandling etter at fleire personar knytt til institusjonen har testa positivt på gule stafylokokkar (MRSA).  

Kommunen karakteriserer utbrotet som alvorleg, men understrekar at smitten er ufarleg for folk flest. Det er likevel særs viktig å hindra spreiing ved helsesinstitusjonar og blant helsepersonell. Ølen omsorgssenter tek ikkje inn nye bebuarar per idag.

Gule stafylokokkar er vanlege bakteriar som alle kan på huda eller i nasen. Til vanleg merker ein ikkje at dei er der, men somme tider kan ein få infeksjonar. Som regel heilt ufarlege hudinfeksjonar. Nokre gule stafylokokkar er resistente for viktige typar antibiotika, denne bakterien vert kalla MRSA. Problemet med MRSA er at infeksjonar med desse bakteriane er vanskelege å behandla og krev særskilte typar antibiotika.

Folkehelseinsituttet har meir informasjon.

Sist endra 16.06.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering