Informasjon om koronatiltak

Her vil me oppdatere deg fortløpande på koronasituasjonen i kommunen vår. Det er fleire endringar som trer i kraft som følge av viruset. Les meir her

Ut på tur i Vindafjord 2020

Klikk for stort bilete 

 

 

 

I desse dagar er brosjyra Ut på tur i Vindafjord 2020 på veg ut i postkassane i Vindafjord.
9 turar med flotte turmål i heile Vindafjord og 6 tilrettelagte turar.
Turmåla er tilgjengelege frå 01.april og ligg ute til 31.oktober

 

Koronatiltak - Ut på tur i Vindafjord 2020

Etter at brosjyra gjekk i trykken har sentrale styresmakter sendt ut melding om at me nå ikkje skal røre turkassar, turbøker og kodekort. Me oppmodar alle til å bli med på denne dugnaden om ikkje å skrive seg inn i alle dei ulike turbøkene som er utplassert i kommunen.

"Ut på tur 2020 i Vindafjord" har difor ikkje lagt bøker i turkassane. Du finn kodeord og TellTur-kode på klistermerke som er plassert utanpå turkassen.

Me oppmodar til å nytta appen Norgeskart friluftsliv til turregistreringa. Appen slår ut på gps-posisjon og registrere turen når du er innan 50 m frå turmålet, og du slepp å bruke kode i det heile. Appen er gratis å bruke.

God tur!

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30