Røysterett og manntal

Desse har røysterett ved stortingsvalet:

Norske statsborgarar som

  •  vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg, og som
  • ikkje har mist røysteretten sin etter Grunnlova § 53. 

Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrert som busett i Noreg, skal dei manntalsførast i Oslo kommune.

For å kunne røyste ved stortingsvalet, må du stå innført i manntalet i ein kommune.

Manntal - Val 2017 - Klikk for stort bilete

Er du innført i manntalet?
 

Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røysta ved Stortingsvalet måndag 11. september.

Du kan kontrollera om du står i manntalet i kommunen i manntalslista som er lagt ut i Servicetorget ved Vindafjord rådhus, Ølen, til og med valdagen.

Du kan også ta kontakt med Servicetorget  (tlf. 53656565), som kan gi deg svar på om du står i manntalet. 

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er mottatt i folkeregisteret innan 30. juni 2017, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå.
Du kan då velja om du vil røysta på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta i den kommunen du har flytta til. Informasjon om førehandsrøystinga vert kunngjort seinare.

Dersom du vil senda inn krav om retting av feil eller klage, må dette gjerast skriftleg og med  grunngiving til Vindafjord valstyre, Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Vindafjord valstyre

Sist endra 11.07.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering