Oppstartsproblem for vaksinebestilling på nett

Klikk for stort bilete  

Måndag vart det sendt ut ein SMS med lenke til bestillingsportalen for koronavaksine. Det viser seg dessverre at timebestillinga ikkje fungerer heilt enno. Sjå vekk frå SMS-en og vent på ny, opplyser Vaksinekontoret.

Dei som har fått melding måndag er dei i aldersgruppa 65-74 år som har samtykka til vaksine.

– Etter planen skulle me starta med nettbestilling denne veka, og me beklagar at oppstartsproblem medfører at bestillingsportalen ikkje fungerer inntil vidare. Me sender ut ny SMS når bestillingsportalen er i orden, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator vaksine.

Du må bruk bankID

Bestillingsportalen er enkelt sett opp, men du må bruka bankID for å bestilla for deg sjølv eller andre.

Dersom du ikkje har bankID, kan du ringa vaksinetelefonen 91 30 38 42 på kvardagar
mellom klokka 09.00-14.00. Du vil då bli sett opp til time. Telefonen er stengt utanom denne tida.  

Ta telefonen

Me ringer også dei som får tilbod om vaksine, men opplever at ein del ikkje tar telefonen fordi det er eit ukjent nummer. Me oppmodar derfor om at alle tar telefonen sjølv om dei ikkje kjenner nummeret, seier Økland.

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30