Nyt vinteren på lånte ski

Klikk for stort bileteFamilien Thomas Åsbø og Elisabeth Kvamen med barna Elin og Emma var ein av familiane som lånte ski og sko frå Frilager Haugalandet sin skitilhengar på Opheim. Knut-Arild Sørensen  

No er det flotte skiforhold med 50 centimeter snø og nykøyrde løyper i Olalia. Har du ikkje skiutstyr, kan du låna.

10. januar starta Frilager Haugalandet med utlån av skiutstyr frå skitilhengaren på Opheim parkeringsplass ved enden av Olaliavegen. Tilbodet har fått ein god start. Allereie første dagen blei det lånt ut 30 par ski, sko og stavar.

Frilager Haugalandet vil leiga ut ski frå denne hengaren i heile vinter, eller så lenge det er skiforhold i Olalia. Du kan velja mellom 80 par ski, sko og stavar i alle storleikar.

Få deg brukarkonto

Skular og kommunar får låna utstyr gratis om din kommune støttar Frilager. Når våren kjem, vil det bli lagt ut fleire tital kanoar i alle kommunane på Haugalandet. Det vil også bli kjøpt inn meir utstyr som kan lånast eller leigast rimeleg.

Så her er det fleire gode grunnar til å få deg brukarkonto på frilager.no. Det må du ha om du vil leiga skiutstyr (turski) frå skitilhengaren på Opheim. Via brukarkontoen bestiller du det du ønskjer, og hentar det ut frå hengaren.

Skular og kommunar kan også bestilla skiutstyr. Når det er større bestillingar, ber Frilager Haugalandet om at skular eller andre er ute i god tid for å sikra at det er nok utstyr den aktuelle dagen.

Nettverk av utstyrsboder

Det er Friluftsrådet Vest, Haugesund Turistforening og Haugesund Røde Kors som står bak Frilager Haugalandet. Dei vil gjerne ha tilbakemeldingar på tilbodet, slik at det kan bli enno betre og tilpassa publikum sine ønskjer.

Tanken med Frilager er å tilby friluftsutstyr til alle som treng der, men som ikkje har dette utstyret sjølv. Ein satsar på å bygga opp eit nettverk med utstyrsboder med kodelås i alle kommunane slik at du kan henta utstyret når som helst på døgnet to dagar etter at du har bestilt.

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30