Ny søkeportal for barnehageplass

Klikk for stort bileteSlik ser den nye portalen ut.Frå og med barnehageopptaket 2021 (hovudopptak) skal søknad om barnehageplass i Vindafjord kommune gjerast via Visma Flyt Barnehage foresattportal.

Dette gjeld søknadar både til kommunale og private barnehagar. Det gjeld også om det er første gong du søker, om du søker endring av plasstype, eller om du allereie har ein barnehageplass og vil søka over til ein annan barnehage. Du kan også seia opp plass.

Her kjem du direkte inn på Visma Flyt Barnehages foresattportal.

Nå du kjem til innloggingssida, loggar du deg inn med elektronisk ID via ID-porten.

Treng du hjelp, kontakt med Inger Kathrine Sundve, på mobil 975 74 954 eller send e-post til inger.kathrine.sundve@vindafjord.kommune.no 

Søknad trinn for trinn

Søknad om barnehageplass består av følgande trinn, der føresatte må legge inn informasjon:

Opplysningar om barnet 

  • Fødselsnummer
  • Namn

Kontaktopplysningar om føresette

  • Relasjon til barnet
  • Mobilnummer
  • E-postadresse
  • Legg eventuelt til medsøkar

Velg barnehage

  • Ønska oppstartsdato
  • Barnehagar i prioritert rekkefølge
  • Plasstype

Andre opplysningar

  • Morsmål
  • Opptakskriterier barnet oppfyller
  • Dokumentasjon for kriterier der det er krav om det
  • Andre relevante opplysningar

Kontrollskjema

  • Kontroll av opplysningane i søknaden
  • Innsending av søknad

Du kan seia opp plass

Søknaden vert sendt elektronisk, direkte frå foresattportalen, til Visma Flyt Barnehage si administrasjonsløysing. Når søknaden er sendt, vil du motta ei stadfesting på den e-postadressa du har oppgitt i søknaden.

Det er også mogleg å seia opp plass i foresattportalen ved å trykke på «si opp plass» bak barnet sin aktive plass. Deretter må føresette fylla inn dato for siste dag.

Før oppseinga blir sendt, kan ein legga inn ein kommentar om ein ønskjer det.

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30