Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

NAV Vindafjord og NAV Etne har slått seg saman

NAV Vindafjord og NAV Etne har no slått seg saman. Det nye NAV kontoret vil heite NAV Vindafjord- Etne og vera lokalisert på Rådhuset i Ølen. Det vil vera totalt 23 tilsette ved det nye kontoret.

Klikk for stort bilete  

I forbindelse med koronasituasjonen er NAV kontoret stengt for møter utan avtale for å førebyggje og begrensa smitte av koronavirus . Har du behov for å koma i kontakt med NAV kan du ta kontakt gjennom dialog i aktivitetsplan direkte til veiledar, eller chat og «skriv til oss» på www.nav.no. Det står mykje god og oppdatert informasjon på nav.no, så gå gjerne inn her å sjekk før du eventuelt tar kontakt med NAV. https://www.nav.no/no/person

Har du ikkje moglegheit å henvenda deg digitalt kan du og kontakte NAV på 55 55 33 33, eller kontakte oss på den lokale vakttelefonen på 901 72 874. Vakttelefonen er ope alle kvardagar 12.00 – 14.00.

Klikk for stort bilete 

 

Økonomisk sosialhjelp 

For dei som har behov for å søkje økonomisk sosialhjelp  ligg det søknadsskjema på kommunen sine heimesider:

 

Benytt Vindafjord kommune sin postkasse på Rådhuset for å levere inn søknadsskjema, eller send inn per post. For dei som ikkje har moglegheit til å skrive ut søknadsskjema, så  heng  det ein postkasse utanfor Rådhuset med tomme skjema som kan fyllast ut og leggast i postkassa til kommunen.

Har ein ikkje moglegheit til å levere inn søknadsskjema i postkasse eller sende via posten kan ein ringe inn til vakttelefonen og få snakka med ein rettleiar.

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30