Namnesak 2017/513 - Vikadal/Vikedal

Namnesak - Vikadal eller Vikedal - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

Kartverket har reist namnesak for stadnamnet Vikadal/Vikedal. Namnesaka vert reist for å få avklart rett skrivemåte i offentleg bruk. Kartverket sender med dette saka ut på lokal høyring i kommunen, jf. § 5 i lov om stadnamn.

Saka gjeld fylgjande namn:

  • Vikadal/Vikedal (fellesnamn for gard 44 og 45)
  • Nedre Vikadal/Nedre Vikedal (gard 44)
  • Nedre Vikedal (bruk 44/3)
  • Øvre Vikadal/Øvre Vikedal (gard 45)
  • Øvre Vikedal (bruk 45/1 og 45/2)
  • Vikedal/Nedre Hallingstad/Prestagarden (bruk 66/1)
  • Vikedal (bruk 66/51)
  • Vikedalsosen (bruk 66/4 og 66/ 6)
  • Vikedalsstølane/Vikadalsstølane (seter/støl)
  • Vikadalselva/Vikedalselva/Vikadalsåna/Vikedalsåna (elv)
  • Vikedalsosen/Vikadalsosen (os)
  • Vikadal/Vikedal (tettsted) – kommunen er vedtaksmynde

Lokal høyring

Det er Kartverket som har vedtaksrett for skrivemåten av tradisjonelle gards- og bruksnamn og for naturnamn. Før det vert gjort vedtak, har kommunen rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har serleg tilknyting til. Vedtak for gardsnamn er etter hovudregelen retningsgjevande for skrivemåten av bruksnamn som er identiske med gardsnamnet, og for bruksnamn der gardsnamnet inngår som en del av namnet, jf. § 8 i lov om stadnamn.

Eventuelle merknadar skal sendast skriftleg til Vindafjord kommune, Eining Areal og forvaltning, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid eller som e-post til: landbruk@vindafjord.kommune.no

Frist for skriftleg merknad er sett til 29.01.2018.

Sist endra 04.01.2018
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering