Kommuneoverlegen si oppsummering til påske

Kommuneoverlege Terje Kleiven i legefrakk på kontoret. - Klikk for stort bilete– Besøk i heimen skal begrensast i størst mogeleg grad, skriv kommuneoverlege Terje Kleiven. Ellen Marie Hagevik  

Haugalandet har siste månaden hatt smitteutbrot med engelsk mutant og sørafrikansk variant av koronaviruset. På bakgrunn av dette har regjeringa innført forsterka smitteverntiltak i fleire kommunar, inklusive Vindafjord.

Forsterka tiltak medfører stenging av ein del butikkar, serveringsstadar, treningssenter, symjehall osv., i tillegg til pålegg om heimekontor for dei som kan ha det. Det er også forbod mot arrangement og ein del fritidsaktivitetar, samt påbod om bruk av munnbind der ein ikkje kan halde 2 meter avstand. Sjå eiga sak på kommunen si nettside.

Begrens besøk i størst mogeleg grad

Heile hensikten er å ta ned talet på nærkontaktar. Slik sett er det opp til den enkelte å ta inn over seg råda som gjeld for reiser og besøk. Besøk i heimen skal begrensast i størst mogeleg grad, og til maksimalt 2 personar i tillegg til dei ein bur saman med.

Ein bør ikkje ha overnattingsbesøk eller dra på overnattingsbesøk om ein kjem frå områder med tiltaksnivå 5a. Dette gjeld mellom anna kommunane i Viken Fylke og kommunane på Haugalandet.

Vår kommune har hatt 8 smitta personar i samband med utbrotet. Når smitte vart oppdaga i skule eller barnehage, innførte me raudt driftsnivå i alle skular. I tillegg stengte me dei institusjonane som hadde påvist smitte.

Dette ser ut til å ha stoppa vidare spreiing av viruset lokalt.

Risiko for smitte frå nabokommunar

Ein del stiller spørsmål ved kvifor vår kommune har strengaste tiltak når me har relativt få smitta. Årsaka er at det er stor mobilitet mellom vår kommune og kommunane på ytre Haugalandet. Dette gjeld både handel og jobbpendling. Det er stor risiko for at me får smitte frå nabokommunar.

I tillegg handlar utbrotet om engelsk mutert virus. Dette gjev større risiko for alvorleg sjukdom blant yngre personar, og det smittar mykje lettare enn det viruset me kjenner frå utbrotet i haust. Der er også aukande frekvens av sørafrikansk mutert virus i samband med utbrotet.

Ventar svar i påska

Siste veka har me hatt smitte ved ei bedrift i kommunen. Der er om lag 100 personar nærkontaktar. Desse har testa negativt på første test, og vert testa på nytt i dag 31. mars.

Vår erfaring er at eit utbrot startar med negativ første test på nærkontaktar, men andre test på dag 7 kan vera positiv. Svar får me i løpet av påsken. Me kryssar fingrane for at det ikkje er noko større utbrot i samband med dette smittetilfellet.

Kommunen testar mellom 50 og 100 personar kvar dag. Dette som ledd i smittesporing, personar med symptom eller personar som treng dokumentasjon på negativ test i samband med reiser.

Over 1.200 vaksinedosar

Vaksineringa går sin gang. Me har sett over 1.200 vaksinedosar, og ventar fortgang i vaksineringa over påske. Det ser ut til at me doblar takten frå veke 14.

Alle som vert vaksinerte dei neste vekene får Pfizer si vaksine. Frå midten av april vil me mogelegvis få Johnsen&Johnsen si vaksine i tillegg. Me håpar at dei fleste over 18 år har fått vaksine til sommarferien.

Mitt inntrykk er at vindafjordingar generelt er flinke til å følgja råda som gjeld. Eg reknar med at alle som kjem til kommunen i påska stiller opp i like stor grad når dei er på fritidseigedommar og campingplassar.

Til slutt vil eg ønskja alle god påske!

Terje Kleiven
Kommuneoverlege

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30