Informasjon om kommunal brøyting og strøing

Snødekt eng med morgensol - Klikk for stort bileteSnødekt eng med morgensol Olav Velde  Flott og fint med snø, men den kan og gi utfordringar. Brøytemannskapa jobbar hardt for at at innbyggarane i kommunen skal koma seg fint fram på vegane.

Kommunen brøytar kommunale vegar. Brøytinga byrjar når det er 8-10 cm snø.

Prioriteringar for brøyting/strøing er slik i hovudtrekk:

  • Generelt sett er veg til brannstasjonar, ambulanse/legevakt og rådhus prioritert høgast.
  • Deretter kjem hovudvegar og busstrasear, vegar til sjukeheimar og døgnbusette institusjonar, vegar til skular og barnehagar dagar desse er opne og skulevegar.
  • Til slutt kjem vanlige vegar i bustadområde, parkeringsplassar, vegar til andre kommunale bygg og liknande.
  • Turvegar blir ikkje brøyta.

Brøytebilen/traktoren brøytar den kommunale vegen. Det vil då ligga snø igjen i private avkøyringar. Denne snøen må ein sjølv fjerna om ein treng det. 

I nokre naobolag hjelper ein kvarandre om ikkje alle har høve til å rydde vekk snøskavlen som blir liggande igjen etter brøytebilen.

Når det har slutta å snø, er det aktuelt å strø dersom det er glatt. Generelt sett blir det strødd i svingar og bakkar.

Under ekstremt glatte forhold er det aktuelt å strø heile vegen. Kommunen nyttar sand til å strø med.

Sjå meir info om brøyting

Fylkesvegane

Det er Rogaland fylkeskommune som driftar fylkesvegane. Der er det drift og vedlikehald som skal ha beskjed.

Er det hendingar, dårleg bøyting eller glatte vegar, ring Vegsentralen 175. Dei kan iverksetta mannskap raskt.

Her er komplett liste over fylkesvegar i Vindafjord:

  • Saudavegen
  • Sandeidvegen
  • Bjoavegen
  • Tørsdalsvegen
  • Raunesvegen til AF sitt opphoggingsanlegg på Raunes
  • Stokkastrandsvegen fram til krysset med  Stokkadalsvegen
  • Blikravegen
  • Dalavikvegen
  • Dreganesvegen til Hamre
  • Helgelandsvegen
  • Haukakvamsvegen
  • Movegen
  • Fjellgardsvegen
  • Eikelandsvegen
  • Ølmedalsvegen
  • Vikevegen
  • Solheimsvegen

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30