Alt om korona i Vindafjord

Smittesituasjonen | Tiltak | Testing | Informasjon

Gå til temaside om koronaviruset

Influensavaksinering er i gang!

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

Vaksinering av sesonginfluensa 2020/2021. På grunn av mangel på vaksine nasjonalt er vaksinane i år prioritert til risikogrupper og helsepersonell fram til 1.desember. I desember vil kommunen tilby vaksiner til resten av befolkninga så langt lageret rekker.

Koronasituasjonen gjer at vi i år vil organisera det annleis enn tidlegare. Vi ynskjer å legge tilrette for at flest mogleg i risikogruppa vaksinerar seg samstundes som at vi skal ta hensyn til smittevernreglane. På bakgrunn av dette vil me ha tilbod i Vikedal, Skjold og Ølen. I desember vil vaksineringa finne sted på kulturhuset i Ølen. Etter jul kan det verta opna for timebestilling ved vaksinekontoret viss det er vaksiner på lager.

Alle som møter må vere symptomfri for covid -19. Vi vil møte deg ved inngangen, sikre avstand og ha kontroll på kor mange som er inne i lokalet samstundes. Vent gjerne i bilen om det blir kø i periodar. Du vil og få utdelt munnbind til bruk i lokalet. Bruk handsprit og hald avstand. Ha på praktiske klede for vaksinering i overarm.  Du skal observeras i 20 min etter at du har fått vaksinen.

Tidspunkt

For å unngå at for mange kjem samstundes, vert det frammøte etter alfabet.

Uke 45 (risiko)

Ølen kulturhus                 Tysdag 3/11                      

  • kl.13.00-15.30                   Etternamn A-J
  • kl.16.00-19.00                   Etternamn K-Å

Vikedal bygdahus            Onsdag 4/11                     

  • kl.13.00-15.30                   Etternamn A-J
  • kl.16.00-19.00                   Etternamn K-Å

Skjold arena                       Torsdag 5/11                    

  • kl.13.00-15.30                    Etternamn A-J
  • Kl.16.00-19.00                   Etternamn K-Å

Uke 46 (risiko)

Skjold arena                       Tysdag 10/11

  • kl.13.00-15.30                    Etternamn A-J
  • kl.16.00-19.00                   Etternamn K-Å

Ølen kulturhus                 Onsdag 11/11                  

  • kl.13.00-15.30                   Etternamn A-J
  • kl.16.00-19.00                    Etternamn K-Å

Vikedal bygdahus            Torsdag 12/11 

  • kl.13.00-15.30                    Etternamn A-J
  • Kl.16.00-19.00                   Etternamn K-Å

 

AVLYST Uke 49 (alle)

Ølen kulturhus                

AVLYST Uke 50 (alle)

Ølen kulturhus                

 

Betaling

Influensavaksine:           

  • Risikogrupper                  kr. 50,-
  • Befolkninga elles             kr.200,-

Pneumokokkvaksine: (risiko)    kr. 500,-

NB!  Vi tek ikkje kontanter. Vi tar kun imot kort eller Vipps. Betaling skjer på førehand.

 

Influensavaksinering av risikogrupper

Personar med risikosjukdom samt dei over 65 år vert tilrådd vaksinasjon mot influensa og pneumokokksjukdom. Pneumokokkvaksine vert anbefalt kvart 10.år.

 

Følgjande risikogrupper får tilbod om influensavaksine:

  • Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko, etter individuell vurdering av lege
  • Bebuarar i omsorgs-, alders- og sjukeheim
  • Personar over 65 år
  • Vaksne og born med
    - diabetes type 1 og 2
    - kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    - kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    - nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom
    - svært alvorleg fedme, dvs. KMI over 40 ( KMI = kg/m2)
    - annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

     

    Ved spørsmål kontakt oss :

    vaksinekontor@vindafjord.kommune.no eller mobil 995 70 968.

    Grunna koronasituasjonen har vi dessverre noe redusert kapasitet på telefon.

    Sjå elles informasjon på heimesida til Folkehelseinstituttet www.fhi.no

     

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30