Handlebuss i Imsland

Klikk for stort bileteI regi av attraktivitetsprosjektet Vakre Vindafjord blir prøveprosjektet med Handlebuss også realisert i Imsland.

Kunne du tenkja deg å bli henta heime, køyrd til butikken, handla, ta ein kopp kaffi og drøsa med folk, før du vert køyrd heim og evt får hjelp med varene heilt inn på kjøkenbordet?

Då må du bestille plass på handlebussen!

Oppstart 3. mai
• Me hentar folk fra Skipavåg til Ølmedal og Imslandssjøen
• Avgang fra Skipavåg kl 10.00
• Retur når alle er ferdige å handla
• Du vert henta og levert der du bur
• Billettpris 10,- tur/retur

 

Ring Jarle og bestill plass på 996 47 226 før kl.14.00 dagen før.
Er det noko du lurer på, så er det berre å ringe 474 08 067 eller 996 47 226.

Me håpar å sjå deg som passasjer på bussen!

Helsing alle oss på Imsland Landhandel og Vakre Vindafjord!

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30