Gatelys/veglys - Meld frå om feil

Drift av veglys på kommunale vegar er Vindafjord kommune sitt ansvar.  Statens vegvesen driftarSjoargata, Ølen - Klikk for stort bilete veglys på fylkesvegar og E134. Haugaland Kraft vedlikeheld for både Vindafjord kommune og Statens vegvesen. 

I vinterhalvåret er Haugaland Kraft AS ute for å ordne veglys. Det vert gjerne samla opp, slik at det blir fleire lys å rette før ein køyrer ut - litt vurdert etter trafikkmengde på veg. Det kan derfor gå nokre veker før lys vert ordna, frå du melder ifrå. Om sommaren vert ikkje veglys ordna, men ein kan ta i mot feilmeldingar i denne tida òg.

Når du skal melde inn må du ha nummeret på stolpen. 

Der det ikkje står nummer på stolpen må ein bruka næraste adresse, altså vegnamn og næraste husnummer. Dette gjeld i Ølen, Ølensvåg, Bjoa og Vikebygd.

Veglys sløkker ved hjelp av fotocelle når det vert lyst, dette gjer at det ikkje er lett å sjå kva lys som ikkje virkar. Fleire typer feil kan gi mørke lys.

Feilmeldingar

Alle feilmeldingar skal meldast direkte til Haugaland Kraft.

Me er takksame for hjelp frå publikum til å melde frå om veglys som ikkje virkar.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Marit Øverland Ilstad
Einingsleiar
Tlf: 53 65 61 02
E-post: Send epost