Frå 1. september 2015 har legevakta same telefonnummer i heile Noreg.

Legevakt-logo - Klikk for stort bilete

 

Alle kommuner i Noreg har ei legevaktordning for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet. Ring 116 117 for å kome i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg. Er det akutt og står om liv, ring 113.

 

Oppgåvefordeling mellom fastlege og legevakt er ikkje endra. Legevakta skal bare nyttast til å dekkja øyeblikkeleg hjelp som ikkje kan handterast av eigen fastlege.

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringe?

  • Fastlegen din i opningstida
  • Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelp ikkje kan vente
  • 113 når det er akutt og står om liv.

Sjå meir informasjon på Legevakt - helsenorge.no

 

Sist endra 03.10.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering