Førehandsrøysting

Val 2015 - Klikk for stort bilete

Dersom du ikkje har høve til å røysta på valdagen 9. september, eller finn det lettare å førehandsrøysta, kan du førehandsrøysta til og med fredag 6. september.

Valstyret har fastsett slike opningstider for førehandsrøysting:

Servicetorget på rådhuset:
Måndag - fredag frå kl.08.00 - kl.15.30 i førehandsrøysteperioden.

Utvida opningstid for førehandsrøysting på rådhuset:

Laurdag   31. august Frå kl.12.00 - kl.14.00
Torsdag   5. september Frå kl. 15.30 - kl.18.00
Fredag     6. september Frå kl.15.30 - kl.20.00


Førehandsrøysting i Vikedal og Skjold:
Vikedal bygdahus og Skjold Arena laurdag 31. august frå kl.12.00 - kl.14.00.

Du kan røysta på førehand i kommunar kvar som helst i landet. Difor kan du røysta i ein annan kommune enn der du bur/er manntalsført. Førehandsrøysta di blir sendt til den kommunen der du er manntalsført.

Ta med legitimasjon!  Du treng ikkje valkort for å røysta, men det sparar deg for tid dersom du har valkortet med.

Røysting heime:
Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan møta fram i vallokalet eller der førehandsrøysting går føre seg, kan du be om å få røysta der du oppheld deg. Du må då ta kontakt med Servicetorget på tlf. 53 65 65 65 seinast innan tysdag 3. september kl.15.30.

Det er også førehandsrøysting ved institusjonane og ved dei vidaregåande skulane. Tidspunkt for dette vil verta gjort kjent ved oppslag på desse stadene. 

Valstyret

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30