Førehandsrøysting

Val 2015 - Klikk for stort bilete

Torsdag 10. august startar den ordinære førehandsrøystinga i Vindafjord kommune.

Dersom du ikkje har høve til å røysta på valdagen 11. september, eller finn det lettare å førehandsrøysta, kan du gjera dette til og med fredag 8. september.

 

Røystestad og legitimasjon

Du kan røysta på førehand i kommunar kvar som helst i landet. Difor kan du røysta i ein annan kommune enn der du bur/er manntalsført. Førehandsrøysta di blir sendt til den kommunen der du er manntalsført.

Ta med legitimasjon! Valmannskapet er pliktig til å spørja etter legitimasjon sjølv om du er kjend for dei.

Ta også med valkortet. Du treng ikkje valkortet for å røysta, men det sparar deg for tid.

 

Opningstider

Valstyret i Vindafjord har fastsett slike opningstider for førehandsrøysting:

Servicetorget på Rådhuset i Ølen.
Måndag - fredag kl. 08.00-15.30 i perioden 10. august t.o.m. 8. september.

 

Røysting på kveld og i helg

Det vert utvida opningstid for førehandsrøysting på rådhuset slik:
Larudag 2. september kl. 12.00-14.00
Tysdag 5. september kl. 15.30-18.00
Torsdag 7. september kl. 15.30-18.00

 

Røysting andre stader

Det blir tilbod om førehandsrøysting i Vikedal og i Skjold slik:

Vikedal bygdehus laurdag 2. september kl. 12.00-14.00
Skjold arena laurdag 2. september kl. 12.00-14.00

Det er også førehandsrøysting ved institusjonane. Tidspunkt for dette vil verta kunngjort seinare.

 

Røysting heime

Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan møta fram i vallokalet eller der førehandsrøysting går føre seg, kan du be om å få røysta der du oppheld deg. Du må i så fall ta kontakt med Servicetorget på tlf. 53 65 65 65 seinast innan tysdag 5. september kl. 15.30.

 

 

Valstyret

Sist endra 08.08.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering