Ekstra folkemøte: Melding om nye nettiltak på Haugalandet

NVE held ekstra folkemøte om saka i Vindafjordahallen i Vats den 18. september 2017 kl. 19.00.

På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga, medan Statnett og Haugaland Kraft Nett vil orientere om prosjekta. Alle er velkomne til møtet.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke melding både frå Statnett SF og frå Haugaland Kraft Nett AS om nye tiltak i sentral— og regionalnettet på Haugalandet. Statnett melder ein ny 420 kV leidning frå høvesvis Blåfalli eller Sauda til Håvik (Gismarvik). Melde trasear ligg i Kvinnherad, Sauda, Etne, Vindafjord, Tysvær og Karmøy kommunar i Hordaland og Rogaland fylker. Statnett melder og ein ny 420/132 kV transformatorstasjon anten i Gismarvik eller på Håvik. Haugaland Kraftnett melder ein ny 132 kV leidning frå Ølen transformatorstasjon via Våg transformatorstasjon til Bratthammar i Vindafjord og Tysvær kommunar i Rogaland fylke.

Meldingane med forslag til utgreiingsprogram er tilgjengeleg på NVE sine internettsider

Fråsegner kan sendast som e-post til nve@nve.no eller som brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO.

Fråsegner til meldinga må sendast NVE innan 29. september 2017.

 

NVE har mottatt meldingar frå Statnett og Haugaland Kraft Nett om ein ny 420 kV leidning og ein ny 132 kV leidning på Haugalandet. Grunngjevinga for meldingane er behov for auka nettkapasitet til ny kraftproduksjon og industriutvikling. På møtet vil NVE orientere om den formelle handsaminga av meldingane, medan Statnett og Haugaland Kraft Nett vil orientere om prosjekta. Alle er velkomne til møtet. Meldingane er lagt ut til offentleg gjennomsyn i Karmøy, Haugesund, Tysvær og Vindafjord kommunar.

Dokumenta er lagt ut elektronisk på ww.nve.no/kraftledninger.

Nærare opplysingar kan fåast ved å kontakte NVE v/ Solveig Willgohs på tlf. 22 95 92 45 eller Lars Hagvaag Seim på tlf. 22 95 98 74.

Sist endra 13.09.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering