Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

Ekstern rapport - Barnehage- og skulebruksplan

Barnehagejente - Klikk for stort bileteBarnehagejente Jenny Hjemdal  

 

 

 

 

 


01.09.20 la rådmannen den eksterne rapporten frå Norconsult ut til høyring, med seks vekers frist. Kontordagar i bygdene var ein del av denne prosessen.

Formannskapet hadde oppe denne saka i møte 08.09.20, der dei gjorde følgjande vedtak:

Det vert sett av meir tid til informasjon og dialog i bygdene om barnehage- og skulebruksplanen. Det er viktig at alle aktuelle høyringsinstansar vert engasjert og har eit grunnlag for å gje uttale. Haust og førjulsvinter 2020 vert brukt til dette.

Rådmannen vert bedt om å revidere framdriftsplanen med sikte på ei breiare involvering frå innbyggjarane,  og for å danna ei betre plattform til å fatta eit politisk vedtak. Rådmannen orienterer om  framdriftsplanen på neste møte i formannskapet.

Det betyr at den opphavlege framdriftsplanen for høyring, som rådmannen først la opp til, ikkje gjeld lengre. 

Det er likevel mogleg å lesa rapporten, sjå Norconsult sine orienteringar på KommuneTV (https://vindafjord.kommunetv.no/) og skrive høyringsuttale fortløpande framover.

Høyringsuttale kan ein levere inn her.

Som me informerte om i førre informasjonsskriv vil det, etter at høyringsprosessen er fullført, bli utarbeidd ei politisk sak med tilrådingar frå Rådmannen, basert på  rapporten og Norconsult sine tilrådingar og innspelte uttalar.

Meir informasjon kjem fortløpande.

 

Rapporten
Rapporten finn de som PDF her (PDF, 4 MB).

Vedlegg bhg-skulebruksplan 01.09.20 (PDF, 344 kB)

Barnehage- og skulebruksplan - Presentasjon Kommunestyret 31. august (PDF, 2 MB)

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30