Eigedomsskatt

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete

 

 

 

Kommunestyret har i møte den 18.12.2018 – Sak 083/18 vedteke fylgjande skattesats på fast eigedom i
Vindafjord kommune, med verknad frå 01.01.2019:

Bustad og fritidseigedomar – skattesatsen vert endra frå 3 til 4 promille.
Næringseigedomar – skattesatsen er uendra, 7 promille.

Faktura = Skatteseddel
Faktura som du får tilsend er å sjå på som skatteseddel. På denne ser du berekningsgrunnlag for eigedomsskatten, skattesats (promille) og kor mykje du skal betale.

Dersom du ynskjer å få tilsendt fullstendig skatteseddel kan du sende e-post til eigedomsskatt@vindafjord.kommune.no eller ringe 53 65 61 25.

Kunngjering om utlegging av eigedomsskattelistene
Eigedomsskattelista blir lagt ut til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 04.02.2018.

Skatteliste 2019 til offentleg gjennomsyn (PDF, 910 kB)

Lista viser dei skattepliktige eigedomane med adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedoms-skattetakstane, skattesatsen og utrekna eigedomsskatt. Skattelista blir lagt ut på servicekontoret. I tillegg vert lista publisert på kommunen si internettside.

Klagerett
Det kan klagast på eigedomsskatten, dersom det ikkje er klaga på same grunnlaget tidligare år. Klagen må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå skattelista vert lagt ut. Klage kan sendast til Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen eller eigedomsskatt@vindafjord.kommune.no

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30