Barnehage- og skulebruksplanen

Barnehagejente - Klikk for stort bileteBarnehagejente Jenny Hjemdal Her finn du oppdatert informasjon om prosessen kring barnehage - og skulebruksplanen.

Teksten er oppdatert 20.01.21 kl. 09.00.

Folkemøta vert gjennomført i veke 7 og 8


14. januar var påmeldingsfristen for å melda seg på eller melda interesse for å delta folkemøta. Fleire bygder vart fullbooka, medan andre hadde veldig få påmelde.

Difor har kommunedirektøren, i samråd med ordførar, avgjort at folkemøta i nokre av bygdene skal slåast saman. Her er ny plan for folkemøta:

Veke 7 (Norconsult deltek digitalt)

  • Onsdag 17.02
    Vågen og Ølen 18.30 - 19.30 (Ølen kulturhus)
     
  • Torsdag 18.02
    Sandeid og Vikedal 18.30 - 19.30 (Sandeid samfunnshus)


Veke 8 (Norconsult deltek fysisk)

  • Måndag 22.02
    Bjoa kl. 17.30 - 19.00 (i gymsalen på Bjoa skule)
    Vik 20.30- 22.00 (Vikebygd bygdahus)
     
  • Tysdag 23.02
    Imsland 17.30 - 19.00 (Imsland bygdahus)
    Vats/Skjold 20.30 - 22.00 (i gymsalen på Vats skule)

Det er fortsatt ledige plasser på nokre av desse møta, og det vil vera mogleg å melda seg på inntil grensa på 50 personar er nådd: Påmeldingsskjema

Covid19

Me viser til tilrådingane frå regjeringa. Desse tiltaka gjeld frå og med 20.01 og inntil vidare. Det kan henda at folkemøta blir ytterlegare utsett. Dette blir fortløpande vurdert i tråd med regjeringa sine føringar.

Dersom ein opnar for at fleire enn 50 personar kan delta, vil me sjølvsagt gjera det mogleg for fleire å melda seg på. Det er viktig med påmelding grunna Covid-19-situasjonen.

Høyringsinnspel

Det er framleis mogleg å skriva høyringsuttale fortløpande på heimesida til Vindafjord kommune. Det kan gjerast via denne lenka. Frist for dette er 1.mars.

Alle folkemøta vil bli sende på KommuneTV direkte, og i ettertid i opptak på kommunen si heimeside. Her er direkte lenke til KommuneTV.

Tema for folkemøta i denne runden er avklaringar i høve den eksterne rapporten utarbeida av Norconsult. Det betyr at det ikkje er rom for spørsmål rundt kommunen si behandling av saka. Den skal først utarbeidast i tida etter folkemøta. Då vil kommunedirektøren legga fram sak til politisk behandling med si innstilling.

Dei som allereie har meldt seg på folkemøta, treng ikkje gjera det på ny. Me vidarefører påmeldingane til den enkelte bygd når me har fått oppdaterte datoar.

Klikk her for å sjå formannskapet sitt vedtak 13.10.20 vedkomande gjennomføring av folkemøta.

Rapporten

Rapporten finn du som PDF her (PDF, 4 MB).
Vedlegg bhg-skulebruksplan 01.09.20 (PDF, 344 kB)
Barnehage- og skulebruksplan - Presentasjon Kommunestyret 31. august (PDF, 2 MB)

Elevrådsrunden

5. januar gjennomførte kommunedirektør Yngve F. Bergesen, saman med kommunalsjef Nils Erik Eide og skulerådgjevar Leiv Karsten Medhaug, høyringsrunde på den eksterne rapporten med elevråda på dei ni skulane våre.

Grunna Covid-19-restriksjonar vart dette gjort på Teams. På runden kom det veldig mange gode og reflekterte innspel som kommunedirektøren vil ta med seg i vidare behandling av saka.

Me er imponerte over engasjementet og kor flinke elevrådsrepresentantane var i møta. Tusen takk til elevane, lærarane og rektorane som var med på å gjera denne runden så bra som den blei.

Klikk for stort bilete

  

Ofte stilte spørsmål

Her har me samla ofte stilte spørsmål til planen. Kommunen vil oppdatera med nye spørsmål og svar fortløpande fram til behandlinga og vedtak er gjort.

Ofte stilte spørsmål til bhg-/skulebruksplan

Kor ligg det informasjon på sidene dykkar angåande den komande barnehage - og skulebruksplanen?

Informasjon om dette ligg ikkje ute som nyheit. Det står i økonomiplanen som blei vedtatt i desember 2018, at det skal utarbeidast barnehage og skulebruksplan i 2020.

Kven skal utføre gjennomgongen av dei ulike barnehagane og skulane?

Administrasjonen har brukt hausten 2019 til å inngå avtale med konsulentbyrå, Norconsult vann anbodet og skal utarbeide rapporten.

Korleis er saksgongen i forbindelse med denne planen?

Når rapporten er klar, vil arbeidet med saka byrja. Etter høyringsrunde skal kommunedirektøren laga ei innstilling som politisk nivå skal behandla. 

Når konsulentane legg fram sine resultat, legg dei óg fram ei rådgjeving om framtida til dei ulike barnehagane og skulane eller vert de opp til politikarane å tolke resultata og lage ein plan ut i frå det?

Byrået lagar ein rapport med sine anbefalingar, så er det opp til politikarane å vurdere om det er rådmannen si innstilling dei går for, eller kjem med eit anna vedtak. Altså det er kommunestyret som har endeleg avgjerd i saka. 

Gjeld framleis framdriftsplanen angåande skulebruksplanen som blei vedtatt i Formannskapet?

Prosessen går som planlagt, men må sjølvsagt sjå an smittesituasjonen etter nyttår

Korleis ser ein føre seg at ein skal gjennomføre folkemøter, eller har ein forståeleg nok gått vekk frå dette?

Folkemøta vil gjennomførast i alle bygdene etter planen, med maks 50 deltakarar inkluderet administrasjonen og Norconsult. Kommunen følgjer nasjonale retningslinjer, og dersom desse vert endra vil det bli gjort justeringar i høve desse. 

Kven frå kommunestyret, formannskap, kommunal leiing vil evt vere tilstades og tilgjengelege for spørsmål på folkemøta?

Dette er folkemøter der innbyggjarane skal få presentert rapporten, og ikkje politikarane sin arena (den kjem når tilrådinga vert lagt fram).

Er det mogleg å sende spørsmål angåande faktaopplysningar i rapporten direkte til Norconsult og såleis få avklara ein del ting på førehand i forkant av folkemøta?

Spørsmål på førehand kan sendast til rådgjevarane, som samlar opp og sender vidare til Norconsult (inger.kathrine.sundve@vindafjord.kommune.no (bhg) – leiv.karsten.medhaug@vindafjord.kommune.no (skule)), frist for desse spørsmåla må vera innan 18.desember.

Har partia og kommunestyret sjølv gått inn i rapporten og tatt stilling til han?

Norconsult har ved to høve orientert og lagt fram rapporten for Kommunestyret, som på desse møta har kunne stilt spørsmål og fått svar. Desse møta finn du på heimesida til kommunen under politikk, kommunestyra direkte. Kva dei har tatt stilling til og ikkje det veit ikkje me, den prosessen startar først når kommunedirektøren har lagt fram saka med si innstilling. Det skjer på vårparten mot sommaren ein gong.

Korleis vert høyringsprosessen?

Sjå protokoll frå Formannskapet 13.10.20, her blei vidare prosess vedtatt.

Kva er fristen for høyringsuttale?

Det er mogleg å skriva høyringsuttale fortløpande på heimesida til Vindafjord kommune fram til 1. mars (ny dato), det kan gjerast via denne lenka her.

Blir folkemøta i januar filma?

Ja, folkemøta kan følgjast direkte på Vindafjord kommune sitt kommune tv. Her er direkte lenke til sendingane (desse vil først bli publisert på nyåret i god tid før runden). 

Kva er tema på folkemøta i januar?

Folkemøta i dei ni bygdene i januar 2021 kan brukast til å stille avklarande spørsmål til Norconsult i samband med rapporten. Administrasjonen v/kommunedirektøren er også med på desse, men det er ikkje gjort ei administrativ innstilling på dette tidspunktet, der skjer først etter desse møta. Då vil den saka vera til politisk behandling fram mot sommaren. 

Kva skjer vidare etter folkemøta i januar?

Kommunedirektøren vil utarbeida sak til politisk behandling etter folkemøta. Då vil innspela frå høyringsprosessen bli tatt med i kommunedirektøren si vurdering og innstilling.

Etter at saka er levert til politisk behandling er det gruppemøte og anna som skjer. Saka skal endeleg vedtakast i kommunestyremøte i mai/juni .

Blir folkemøta i januar flytta grunna Regjeringa sine nye tiltak ved nyttår?

Basert på dei nye tilrådingane frå Regjeringa, ser kommunen seg nøydd for å utsetje dei planlagde folkemøta i veke 3 og 4. Regjeringa kom med følgjande pålegg som gjeld offentlege arrangement:

Det kan maksimalt vere ti personar på offentlege arrangement innandørs

I første omgang gjeld desse nye tiltaka fram til og med 18.01, men for å vera sikre så har administrasjonen i samråd med ordføraren bestemt at desse folkemøta vil bli utsett til veke 8 (med moglegheit for nokre møte i veke 7). Meir informasjon og detaljert oversikt over tider og anna kjem i god tid før desse vekene. Det kan hende at desse folkemøta må bli ytterlegare utsett, det vil me vurdere fortløpande i takt med Regjeringa sine føringar. Alle som allereie har meldt seg på folkemøta treng ikkje gjera det på ny då me vidarefører påmelingane til den enkelte bygd når me har fått oppdaterte datoar.

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30