Barnehage- og skulebruksplanen

Barnehagejente - Klikk for stort bileteBarnehagejente Jenny Hjemdal Her finn du oppdatert informasjon om prosessen kring barnehage - og skulebruksplanen.

Teksten er oppdatert 16.02.21 kl. 19.50.

Folkemøta utsett til februar/mars 2022

Kommunestyret vedtok i møte i 16. februar 2021 at kommunedirektøren skal leggja fram forslag til barnehage- og skulebruksplanen i januar 2022. Det vert folkemøte i februar/mars 2022, og høyring på kommunedirektøren sitt framlegg. Saka skal etter planen opp til politisk handsaming i mai 2022.

Fortløpande informasjon

Følg informasjon på heimesida til Vindafjord kommune ang barnehage- og skulebruksplan. Me oppdaterer fortløpande etter kvart som me får nye opplysningar. 

Høyringsinnspel

Kommunedirektøren legg opp til at det skal vera mogleg å skriva høyringsuttale fortløpande på Norconsult sin rapport på heimesida til Vindafjord kommune.  Det kan gjerast via denne lenkaFrist for innspel vert sett til 1. april 2021. Det vert også høve til å kome med høyringsinnspel på kommunedirektøren si innstilling når denne vert lagt fram i januar 2022.

Rapporten

Rapporten finn du som PDF her (PDF, 4 MB).
Vedlegg bhg-skulebruksplan 01.09.20 (PDF, 344 kB)
Barnehage- og skulebruksplan - Presentasjon Kommunestyret 31. august (PDF, 2 MB)

Informasjonsskriv

Infoskriv 1 Bhg-skulebruksplan mars 2020 (PDF, 45 kB)
Infoskriv 2 Bhg-skulebruksplan juni 2020 (PDF, 513 kB)
Infoskriv 3 Bhg-skulebruksplan juli 2020 (PDF, 516 kB)
Infoskriv 4 Bhg-skulebruksplan august 2020 (PDF, 518 kB)
Infoskriv 5 Bhg-skulebruksplan september 2020 (PDF, 635 kB)
Infoskriv 6 Bhg-skulebruksplan oktober 2020 (PDF, 500 kB)
Infoskriv 7 Bhg-skulebruksplan desember 2020 (PDF, 527 kB)
Infoskriv 8 Bhg-skulebruksplan januar 2021 (PDF, 604 kB)
Infoskriv 9 Bhg-skulebruksplan januar 2021 (PDF, 178 kB)
Infoskriv 10 Bhg-skulebruksplan februar 2021 (PDF, 127 kB)
Infoskriv 11 Bhg-skulebruksplan februar 2021 (PDF, 129 kB)

Elevrådsrunden

5. januar gjennomførte kommunedirektør Yngve F. Bergesen, saman med kommunalsjef Nils Erik Eide og skulerådgjevar Leiv Karsten Medhaug, høyringsrunde på den eksterne rapporten med elevråda på dei ni skulane våre.

Grunna Covid-19-restriksjonar vart dette gjort på Teams. På runden kom det veldig mange gode og reflekterte innspel som kommunedirektøren vil ta med seg i vidare behandling av saka.
Me er imponerte over engasjementet og kor flinke elevrådsrepresentantane var i møta. Tusen takk til elevane, lærarane og rektorane som var med på å gjera denne runden så bra som den blei.

 

Klikk for stort bilete

  

Ofte stilte spørsmål

Her har me samla ofte stilte spørsmål til planen. Kommunen vil oppdatera med nye spørsmål og svar fortløpande fram til behandlinga og vedtak er gjort.

Kor finn ein rapporten til Norconsult?

Rapporten til Norconsult finn ein på heimesida til Vindafjord kommune her.

Kva er fristen for høyringsuttale?

Det er mogleg å skriva høyringsuttale på Norconsult sin rapport fram til 1.april, det kan gjerast via denne lenka her.

Når skal folkemøta arrangerast?

Kommunestyret vedtok i møte i 16. februar 2021 at kommunedirektøren skal leggja fram forslag til barnehage- og skulebruksplanen i januar 2022. Det vert folkemøte i februar/mars 2022, og høyring på kommunedirektøren sitt framlegg. Saka skal etter planen opp til politisk handsaming i mai 2022.

Uavhengig av kva som vert vedtatt i kommunestyret så er det framleis mogleg å skriva høyringsuttale fortløpande på heimesida til Vindafjord kommune, det kan gjerast via denne lenka her. Frist er 1.april 2021.

Kva skjer vidare etter folkemøta?

Kommunestyret vedtok i møte i 16. februar 2021 at kommunedirektøren skal leggja fram forslag til barnehage- og skulebruksplanen i januar 2022. Det vert folkemøte i februar/mars 2022, og høyring på kommunedirektøren sitt framlegg.

Saka skal etter planen opp til politisk handsaming i mai 2022.

Kva er tema på folkemøta?

Folkemøta i  bygdene i februar/mars 2021 er politiske møte basert på kommunedirektøren si innstilling. PÅ møta kan også stille avklarande spørsmål til Norconsult sin rapport. Administrasjonen v/kommunedirektøren er også med på desse. Saka skal til politisk behandling mai 2021. 

Blir folkemøta filma?

Ja, folkemøta kan følgjast direkte på Vindafjord kommune sitt kommune tv. Her er direkte lenke til sendingane. Meir informasjon om dette kjem når planen er kklar for gjennomføring av folkemøta. 

Kor ligg det informasjon på sidene dykkar angåande den komande barnehage - og skulebruksplanen?

Informasjon om dette ligg ikkje ute som nyheit. Det står i økonomiplanen som blei vedtatt i desember 2018, at det skal utarbeidast barnehage og skulebruksplan i 2020.

Elles kan ein lese fortløpande oppdateringar om prosessen her.

Kven skal utføre gjennomgongen av dei ulike barnehagane og skulane?

Administrasjonen har brukt hausten 2019 til å inngå avtale med konsulentbyrå, Norconsult vann anbodet og skal utarbeide rapporten.

Korleis er saksgongen i forbindelse med denne planen?

Kommunestyret vedtok i møte i 16. februar 2021 at kommunedirektøren skal leggja fram forslag til barnehage- og skulebruksplanen i januar 2022. Det vert folkemøte i februar/mars 2022, og høyring på kommunedirektøren sitt framlegg. Saka skal etter planen opp til politisk handsaming i mai 2022.

Når konsulentane legg fram sine resultat, legg dei óg fram ei rådgjeving om framtida til dei ulike barnehagane og skulane eller vert de opp til politikarane å tolke resultata og lage ein plan ut i frå det?

Byrået lagar ein rapport med sine anbefalingar, så er det opp til politikarane å vurdere om det er rådmannen si innstilling dei går for, eller kjem med eit anna vedtak. Altså det er kommunestyret som har endeleg avgjerd i saka. 

Korleis ser ein føre seg at ein skal gjennomføre folkemøter?

Kommunestyret vedtok i møte i 16. februar 2021 at kommunedirektøren skal leggja fram forslag til barnehage- og skulebruksplanen i januar 2022. Det vert folkemøte i februar/mars 2022, og høyring på kommunedirektøren sitt framlegg. Saka skal etter planen opp til politisk handsaming i mai 2022.

Kven frå kommunestyret, formannskap, kommunal leiing vil evt vere tilstades og tilgjengelege for spørsmål på folkemøta?

Folkemøta i februar/mars 2021 vil vera politiske møte, der ein skal ha innstillinga til kommunedirektøren på agendaen. Spørsmål ang rapporten til Norconsult kan også stillast her. 

Har partia og kommunestyret sjølv gått inn i rapporten og tatt stilling til han?

Norconsult har ved to høve orientert og lagt fram rapporten for Kommunestyret, som på desse møta har kunne stilt spørsmål og fått svar. Desse møta finn du på heimesida til kommunen under politikk, kommunestyra direkte. Kva dei har tatt stilling til og ikkje det veit ikkje me, den prosessen startar først når kommunedirektøren har lagt fram saka med si innstilling. Det skjer på vårparten mot sommaren ein gong.

Korleis vert høyringsprosessen?

Kommunestyret vedtok i møte i 16. februar 2021 at kommunedirektøren skal leggja fram forslag til barnehage- og skulebruksplanen i januar 2022. Det vert folkemøte i februar/mars 2022, og høyring på kommunedirektøren sitt framlegg. Saka skal etter planen opp til politisk handsaming i mai 2022.

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30