Avgrensa opningstid på rådhuset

Inngangsdøra til rådhuset i Ølen - Klikk for stort bilete 

Frå måndag 22. mars til og med 11. april, er opningstida på rådhuset klokka 12.00 til 14.00. NAV held ope på same tidspunkt.

Det er mange innom rådhuset i løpet av ein dag. Avgrensing av opningstida blir gjort som eit førebyggande tiltak i den pågåande smittesituasjonen i kommunen og på Haugalandet.

Utanom opningstida, vil inngangsdøra vera stengt. For deg som innbyggar betyr det:

  • Du kan framleis ha avtalar utanom opningstid, men må venta utanfor eller i bilen til avtaletid.
  • Du blir henta av den du har avtale med.
  • Det er påbode å bruka munnbind inne på rådhuset.
  • Det er ikkje mogeleg å for eksterne å booka møterom i perioden 22. mars til 11. april.

Teknisk bygg i Sandeid har vore stengt sidan 12.mars, og vil vera stengt til og med 11. april.

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30