Kyrkja i Vindafjord har kontor ved nokre av kyrkjene, og på Rådhuset i Ølen. Kyrkjeverja har kontoret sitt i Skjold kyrkje.

Kyrkja i Vindafjord har eiga nettside. Her finn ein gudstenestelista og her er påmeldingsmodular både til konfirmasjon og babysong.

Hovudansvaret for gudstenester og kyrkjelege handlingar er lagt til presten. Utover det ligg den kyrkjelege myndigheit på lokalplanet til soknet, representert ved soknerådet og fellesrådet.

Det er soknerådet som opptrer på vegne av soknet dersom ikkje anna kjem tydeleg fram i lova eller har heimel i lova.

Ved dødsfall skal gravferdsbyrå kontaktast. Dei syter for vidare kommunikasjon med prest og kyrkje.

Kyrkjelydane i Vindafjord vil ynskja dykk til lukke med barnet de har fått, og velkomne til dåp!

Vil du vita meir om kyrkja sitt syn på dåpen, kan du gå til Den Norske Kyrkja si side om dåpen.

Ta kontakt med den lokale soknepresten på kyrkjekontoret om du lurer på noko.

Kyrkja si oppgåve er å bringa Bibelen sin bodskap til alle menneske, utan omsyn til kva motiv folk har for å søkja kyrkja sine tenester.

Utmelde og andre som ikkje tilhøyrer Den norske kyrkja, er velkomne til gudstenester og andre arrangement i kyrkja.

Omlag 75 % av innbyggjarane i Noreg er medlemmer i Den norske kyrkja. Kyrkja spør aldri etter grunn for den enkelte sitt kyrkjemedlemsskap.

Skjema for inn-og utmelding

Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og kulturbygg, vert rullert årleg. Den omfattar temadel og handlingsdel.

Idretts- og skyttarlag, skular og andre som har innspel til handlingsdelen i planen, om nye anlegg, rehabilitering av gamle og liknande, må melde dette inn til Eining kultur.

Det finst ei rekkje tilskot til kulturarbeid - både kommunale og statlege.

Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing som skal bidra til at elevar i skulen får møta profesjonell kunst og kultur av alle slag.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30