Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

Opplev sommaren i #VakreVindafjord

Klikk for stort bileteAktivitetsparken i Ølen Svein Egil Økland      

Ta for deg naturen og kulturlivet i Vindafjord kommune i sommar! 

Turistinformasjonen i Ølen: Unni Marie Lien, T: 482 58 558
Haukelivegen 722, 5580 Ølen

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå mandag 17.august treng du ikkje lenger henvisning frå fastlege og kan ringje direkte til teststasjonen.

Du kan ringje informasjonstelefon hos Helsedirektoratet for spørsmål om Korona. Denne telefonen er oppretta for publikum for å avlaste medisinsk nødtelefon og andre deler av helsetenesta.

Helsenoregs informasjontelefon for koronaviruset 815 55 015

Det ligg og mykje informasjon om koronavirus både på https://helsenorge.no/  og Folkehelseinstituttets nettside https://www.fhi.no/
Vi oppfordrar derfor folk til å sjå om dei finn svar på det dei lurar på der først.
Dei som ikke finn informasjonen dei treng, kan ringje informasjonstelefonen.

 

 

Grunnskulane i Vindafjord startar skuleåret 2020/21, måndag 17. august, til vanleg tid.

Skulane informerer korleis dei organiserer skulestarten ved eigen skule ut frå gul beredskap.

 

Skuleskyssen går som vanleg, men med gul beredskap. Det medfører at døra framme i bussen er stengt og seta fremst ikkje skal brukast. Elevane kan sitja på sida av kvarandre, men ikkje mot  kvarandre.

Det er berre elevar med rett til skuleskyss som kan fylgja skuleskyssen.

(Utdrag frå rundskrivet frå Kolumbus).

 

Ynskjer nye og tidlegare elevar velkomen til nytt skuleår.

 


 

 

   

 

 

 

 

 

 

Det er med glede me kan kunngjera at endeleg opnar Vindafjord bibliotek dørene igjen.
Frå og med måndag 3. august kan lånarane få koma inn i biblioteket for å velja bøker og anna sjølve.

 

Heimar og folk i Sandeid er ei busetnadssoge i to band. Busetnadsoga handlar om folket som bur og har budd i Sandeid og Ilsvåg, heilt frå gamal tid og fram til notid. Bøkene fortel om levekåra på gardane, bruka  og husmannsplassa, med vekt på einskildmenneska i bydga. Sjøen- bandet dekkjer gardane i og ved Sandeid sjøen og det andre bandet dekkjer grendene Eide, Helgevoll, Helgeland og Ilsvåg. Bøkene er laga på oppdrag frå Vindafjord kommune, og Universitetet i Stavanger har hatt ansvaret for utarbeidinga av verket. 

 

Regjeringa innfører frå 1. august 2020 ei nasjonal ordning som sikrar at ingen hushald skal betale meir enn seks prosent av si skattbare inntekta for ein plass i SFO for 1. og 2. trinn. Ordninga gjeld berre etter skriftleg søknad til kommunen.

Revebjellar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vindafjord kommune slår graset langs bygdevegar og liknande ein gong kvar sommar.

I 2020 startar dette arbeidet opp i veke 28 og vil halde på til ein har slått langs alle vegane. Vi reknar med at arbeidet er ferdig i løpet av juli.
Vi ser at nokre klipper og ryddar langs sin eigedom, og takkar dei som gjere dette!

Vi minnar også om at kvar og ein må klippe i siktsoner på sin eigedom, anten det gjeld i eiga avkøyring, sikthindring for naboen si avkøyring eller i vegkryss.

Kommunevåpen

 

 

 

 

 

 

Frå 1.juli opnar dørene på Rådhuset i tidsrommet kl. 10:00 – 14:00, måndag til fredag.
NAV opnar også opp for drop-in i tidsrommet  kl 12:00 – 14:00 måndag til fredag.

Logo - Vindafjord kulturskule

 

Me har tilsett ny danselærar og kan frå skulestart 17.august tilby ballett-klassar i den nye dansesalen vår i Ølen. Tilbodet er for barn frå 1 kl. og oppover.

Søknad via søknadssenteret https://novindafjord.speedadmin.dk/tilmelding#/

Velkommen som søkjar.

 

Dei ti kommunane på Haugalandet har no gått saman om ein felles anskaffelse av ny tryggleik- og meistringsteknologi frå Telenor. Dette vil gjer kvardagen langt tryggare for eldre og funksjonshemma i regionen.

Pressemelding

 

Forslag til planstrategi og folkehelseoversikt for Vindafjord kommune - 2020-2023 skal opp til endeleg godkjenning i Kommunestyret 22. juni 2020.

Forslaget vert med dette offentleggjort  i samsvar med  PBL § 10.1.

Link til heile dokumentet:

Link til kapittelet som omtalar folkehelseoversikta

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30