Alt om korona i Vindafjord

Smittesituasjonen | Tiltak | Testing | Informasjon

Gå til temaside om koronaviruset

21.november - Nye smittetilfelle i Vindafjord kommune

Klikk for stort bileteVindafjord kommune har i løpet av laurdag 21. november motteke fleire nye positive prøvesvar på covid-19.

To av desse prøvesvara gjeld tilsette ved Vindafjordtunet, eitt av prøvesvara er knytt til Ølen omsorgssenter og eitt av prøvesvara er knytt til Ølen vidaregåande skule. Dei tilsette ved Vindafjordtunet og personen knytt til Ølen omsorgssenter har vore i karantene som følgje av at dei har vore rekna som nærkontaktar til tidlegare smittetilfelle.

Som ein følgje av desse smittetilfella treff kommunen følgjande tiltak:

  • Ein klasse ved Ølen vidaregåande skule vert sett i karantene, og alle lærarar og elevar i denne klassen skal testast.
  • Ølen vidaregåande skule gjennomfører undervisning på «raudt» nivå i samsvar med Folkehelseinstituttet sin trafikklysmodell frå og med måndag 23. november, og i første omgang ut veke 48.
  • Bebuarar på ei avdeling ved Ølen omsorgssenter vert testa.
  • Det vert gjennomført ei ny kartlegging om ytterlegare personar, utover dei som allereie var sett i karantene ved Ølen omsorgssenter, må i karantene og testa seg.

Alle elevar ved Ølen vidaregåande skule som skal i karantene og testast vert kontakta av kommunen sitt smittesporingsteam, og treng ikkje sjølv å ta kontakt med kommunen sin testtelefon.

Samla sett i løpet av laurdag 21. november har Vindafjord kommune motteke 5 positive prøvesvar. Kommunen ventar fortsatt på ei rekkje prøvar som vart tekne torsdag 19. november på ettermiddagen og fredag 20. november.

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30