120 var innom dørene i går under massevaksinerina i Ølen kulturhus denne veka.
– Me er godt i gang med å vaksinera dei eldste aldersgruppene og er komne til dei som fyller 82 år i år. Til no har 89,14 prosent i aldergruppa 65+ takka ja til vaksina, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator vaksine.
Ei oppmoding
Dette er bra, men Økland har likevel ei oppmoding til vindafjordingane:
– Kjenner du nokon som ikkje er blitt kontakta av vaksinekontoret for spørsmål om samtykke, ta kontakt med oss.
Vaksinekontoret når du på e-post Vaksinekontor@vindafjord.kommune.no eller mobil 91 30 38 42 kvardagar mellom klokka 09.00-14.00.
AstraZeneca-vaksine i uke 8
Helsepersonell i Vindafjord kommune får nå tilbod om AstraZenica si vaksine frå veke 8.
– I første omgang mottar me 100 dosar. Helsepersonell som samtidig også mottar SMS om samtykke frå fastlege, bør planlegga for å ta vaksina der ein får tilbodet først, seier Økland.
Det er laga ein fordelingsnøkkel som skal sikra jamn fordeling av denne vaksina over tid. Les meir om det her.