03.12.20 Status smittesituasjonen

Klikk for stort bileteVindafjord kommune må med sorg melde at ytterlegare to av våre bebuarar ved Vindafjordtunet som var smitta med covid-19 døydde 2. desember. Samla sett er no fire av våre bebuarar døde som følge av covid-19 smitte.

Våre tankar går til dei pårørande i denne tida.

Kommunen mottok og to positive prøvesvar i løpet av onsdag 2. desember. Den eine positive prøven er eit barn ved Skjold barnehage, men barnet var ikkje i barnehagen dei siste dagane før den positive testen, og kommuneoverlegen har vurdert at barnehagen fortsatt kan drifte på gult nivå.

Som ein følge av at kommunen fortsatt har ein del smittetilfeller, og nokre med ukjent smittekilde, er det vurdert at smitterisikoen i Vindafjord fortsatt er høg. Som ein følge av dette har kommunedirektør, i samråd med kommuneoverlegen, valgt å forlenge kommunen sine tilrådingar ut neste veke. Ny vurdering vert gjort torsdag 10. desember.


Vindafjord Kommune

Ordførar Tove Elise Madland

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30