Tv-aksjonen 2018 1

 

Tysdag 16.oktober mellom kl 12.00 – 13.30 vert det arrangert Ringestafett til inntekt til årets tv-aksjon. Då er det næringslivet i Vindafjord som vil bli ringt til og utfordra til å gi til Kirken Bymisjon.
Komiteen håpar at bedrifter og næringsliv vil ta utfordringa og gi godt til eit viktig prosjekt.

Vindafjord kommune

 

Rådet for eldre og funksjonshemma          måndag 15. oktober kl. 10.00.
Utval for drift, utvikling og kultur                 måndag 15. oktober kl. 14.00.
Utval for oppvekst og omsorg                    tysdag   16. oktober kl. 08.30.
Formannskapet                                          tysdag   16. oktober kl. 14.00.

Saksdokumenta er utlagde til ettersyn ved Servicetorget på rådhuset, på biblioteket i Ølen og på kommunen si heimeside under menyvalet: Politikk og Politiske møte.  

 

 

Vaksinekontoret 1

Hausten er her, og med den kjem influensaen.
Nytt av året er at vaksinekontoret i Vindafjord tilbyr drop in for vaksinering frå
01.november 2018 - 01.januar 2019.
Stad:
Vaksinekontoret ved Vindafjord helsestasjon
Tid:
Tirsdagar 08.30-16.30
Onsdagar 08.30-15.00
Torsdagar 08.30-15.00

Pris: kr 200,- Me har VIPPS og bankterminal

Vaksinekontoret 1

Tilbod om gratis HPV-vaksine for menn (født etter 1991) som har sex med menn, rusmisbrukere og sexarbeidarar. Første dose må tas innan november 2018.
Ta kontakt med vaksinekontoret i Vindafjord kommune.

Mail: vaksinekontoret@vindafjord.kommune.no eller tlf 99 570 968

Sjå meir info

Ølen

Som pilotkommune i tettstadprosjektet er det Ølen sin tur til å invitere til nettverkssamling. Det er nå det skjer i Ølen og vi vil at flest mogleg skal vere med å bidra til at utviklinga blir til det beste for Ølen.

 

 

Vindafjord kommune

Vindafjord kommune har oppretta ei ny stilling som skal føre tilsyn med private avløpsanlegg, og handsama søknader om utsleppsløyve av sanitært avløpsvatn frå hus og hytter. Dette er ei prosjektstilling som starta opp 1. mai 2018 og som i første omgang skal vare ut 2020.

Sauer på beite

Nytt eksemplar av Vindafjordbruket er nå tilgjengeleg.

Rosa fjellblomst

Vindafjord kommune har teke i bruk varslingssystemet Varsling24: http://varsling24.no/. Ein kan også få talemelding til fasttelefon eller e-post.

Systemet er integrert med eit kartsystem, som gjere at me kan varsla innbyggerane i eit geografisk område. Viss du ikkje får varsel, men veit at naboane har fått, kan du sjekka og leggja deg til i desse registera: http://www.varslemeg.no/  eller http://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon 

Revebjellar

Vatningsforbod med slange og spreiar er innført i desse områdene:

Skjold, Vikedal og Vats.

I Vikebygd og Sandeid er det greitt å bruka slange, men ikkje spreiar.

Grunnen til dette er at det minkar på vatn i vasskjeldene og at meldingane om godt ver ser ut til å vare.

Større badebasseng må ein ikkje fylle opp nå.

Vi tar imot tips om lekkasjar til tlf 480 99 253.

Når det er så tørt som nå, kan gjerne våte partier vere frå ein vassleidning med hol i  eller ein krane som ikkje stenger godt nok.

Vindafjord kommune har avtalt med Knapphus bensin AS at private som ikkje lenger har vatn i eigen brønn, kan få fylle opp tankar og kanner som dei har med.

Betaling blir direkte til bensinstasjonen. Fylling må tilpassast kapasitet på bensinstasjonen, slik at ein må rekne med litt ventetid.

Kaffe på bål


31.7.18: Brannsjefen opphevar bålforbod
 

Haugaland brann og redning iks opphevar totalforbodet for bål i dei kommunar iks`et dekker.

Opphevinga gjeld og for skytebanar.

Brannvesenet vil likevel påpeika at det generelle bålforbodet gjeld i hele landet.
I Norge må alle vise aktsomhet og opptre på en slik måte at brann ikke oppstår. Dette gjelder alle, hele tida og over alt.

I tillegg har vi et generelt bålforbod frå 15. april til 15. september der det er forbod mot å tenne opp bål og grill i, eller i nærleiken av, skog og annen utmark. Brannvesenet kan likevel gi tillatelse til å tenne bål, viss du søker om dette. Vindafjord - skjema. 

Stranden vil oftast regnes som utmark og vil da være omfattet av det generelle bålforbodet. Hvis man likevel ønsker å tenne bål eller grille, må man søke om tillatelse frå kommunen.

Sjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikke kan starte en brann. Det skal svært mye nedbør til for at det opplagt ikkje kan føre til brann.

Ved overtredelse av aktsomhetsplikten eller det generelle bålforbodet kan man straffast med bot eller fengsel.

Tips til trygg bålbrenning:

  • Ta hensyn til skogbrannfare og vindforhold.
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for brannsikkerheiten.
  • Det bør vera ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
  • Bålet må vera i god avstand frå bebyggelse og vegetasjon.
  • Det er ikkje lov å brenna bål på svaberg.
  • Bålet må ikkje vera større enn at du har kontroll på det og kan slukke ved behov.
  • Ha eigna slokkemidlar lett tilgjengeleg.
  • Det er forbode å brenna plast, bygningsmaterial og anna boss.
  • Når du forlet bålplassen skal bålet vera heilt slukka.


3.7.18: Brannsjefen legg ned bålforbod i heile kommunen.

Brannsjefen legg ned forbod mot open eld i Vindafjord kommune. Forbodet gjeld frå 3. juli og inntil ny melding vert gitt. Ta kontakt med brannvakta på telefon 48 999 748 om du har spørsmål.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30