Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

Sandeid skule

Samarbeidsutval (SU) - Sandeid skule

Fargeblyant - Klikk for stort bileteFargeblyant

 

Samarbeidsutvalet (SU) er skulen sitt øvste rådgivande organ, og her er alle partane i skulen representert: elevar, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, der rektor skal vere den eine.

SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

SU kan uttale seg om følgande:

  • Forslag til budsjett

  • Verksemd- og utviklingsplanar for skulen

  • Plan for heim-skule-samarbeid

  • Skulevurdering

  • Planar for ombygging og vedlikehald av skuleanlegg

  • Skulen si informasjonsverksemd

  • Prinsipp for val av bøker til skulebiblioteket

  • Fritidsaktiviteter

  • Skuleskyss

  • Trafikkforhold og korleis skulevegen kan sikrast

  • Ordensreglementet

 

Kontaktinformasjon

Sandeid skule
Saudavegen 5783,
5585 Sandeid
E-post : sandeid.skule@vindafjord.kommu..
Telefon
: 53 65 58 02