Valet 2021 skal gjennomførast i pandemi. Det er viktig at me saman gjennomfører stortings- og sametingsvalet på ein smittevernfagleg forsvarleg måte.
Generelle smittevernråd
- Er du sjuk skal du halda deg heime til du er frisk.
- Hugs god avstand til andre (1 meter).
- Hugs god hand- og hostehygiene
Alle vallokale i Vindafjord kommune har ope frå klokka 12.00 til kl 20.00 på valdagen den 13. september. Du kan stemma i det vallokalet du vil, men det er ein fordel om du stemmer i den krinsen du høyrer til. Dette med tanke på smittevern og for å forhindra unødvendig kø i det enkelte vallokale.
For å stemma på valdagen må du stå i manntallet i den kommunen du skal avgi stemme i (vera registrert busett i Vindafjord kommune 30. juni i valåret).
I Vindafjord har me følgande valkrinsar og vallokale på valgdagen:
- Ølen valkrins - Ølen kulturhus
- Sandeid valkrins - Sandeid samfunnshus
- Vikedal valkrins - Vikedal bygdahus
- Imsland valkrins - Imsland bygdahus
- Vats valkrins - Vats skule
- Skjold valkrins - Skjold Arena
- Vikebygd valkrins - Vikebygd bygdahus
- Bjoa valkrins - Bjoa skule
- Ølensvåg valkrins - Ølensvåg skule
Ditt vallokale står oppført på valkortet som du får tilsendt digitalt frå Valgdirektoratet.
Den siste veka før valet har me langope på Sjøperlo i Ølen følgande dagar:
6. september til 10. september:
- 09.00 - 18.00: Måndag, tysdag, torsdag og fredag
- 09.00 - 15.00: Onsdag
Veljarar som er for sjuke til å ta seg fram til eit vallokale har krav på å få stemma heimefrå. Frist for å søka om heimestemming er fredag 10. september klokka 10.00. Det er ikkje krav om skriftleg søknad. Du kan ringa vårt servicetorg på telefon 53 65 65 65 og be om å få stemma heimefrå.
Dersom du er i karantene eller har symptom på sjukdom, skal du ikkje møta opp i våre ordinære vallokaler. Du kan då stemma på koronateststasjonen i Ølen (Rådhusplassen 32) på desse tidspunkta:
- 16.00 – 18.00: Fredag 10. september
- 16.00 – 18.00: Måndag 13. september
Er du i isolasjon på valdagen, kan du kontakta servicetorget på telefon 53 65 65 65 innan klokka 10.00 på valdagen, den 13. september, for å få stemma heime.
Dette er krava du må oppfylla for å kunna stemma ved stortingsvalet 2021:
- Norsk statsborgar
- Har fylt 18 år innan utgangen av 2021
- Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg
Sjølve valet går føre seg ved personleg oppmøte i eit stemmelokale på valdagen, eller ved å avgi førehandsstemme. Har du avgitt førehandsstemme, er det denne som gjeld. Du kan fritt bestemma om du ønskjer å avgi førehandsstemma eller stemma på valdagen.
Har du flytta, og folkeregisteret ikkje har mottatt flyttemelding innan 30. juni 2021, står du framleis oppført i kommunen du flytta frå. Du kan då velja å stemma der valdagen eller førehandsstemma i Vindafjord.
Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn frå det er klart, rundt 10. juli og til og med valdagen, på servicetorget ved rådhuset i Ølen.
Ved det komande stortingsvalet får du tilsendt valkortet ditt digitalt.
Har du reservert deg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen din i registeret dei siste 18 månadane, kjem du til å få valkortet tilsendt på papir.
Valstyret har ansvar for førebuing og gjennomføring av stortingsvalg og kommunestyre- og fylkestingsvalg. Dei har også ansvar for godkjenning av listeforslag og kven som blir stemt inn (valoppgjer). Leiar i valstyret er ordføraren.