Politikk

Taksthefte 2017

Vindafjord kommune sitt taksthefte (PDF, 62 kB)vart vedteken i kommunestyret i desember 2016, og gjeld for 2017.

Framlegg til prisar for kommunale varer og tenester for 2017 tar utgangspunkt i taksthefte for 2016. Som vekstfaktro er nytta konsumprisindeksen (KPI) for siste 12 månader pr. juli 2016. Denne var på 4,4%.  

Ein del av takstane blir fastsett sentralt, og blir oppdatert fortløpande. Dette gjeld typisk takstar innan helse- og sosialomsorg, skjenkeløyve, innkreving og eigarseksjonering.

Takstar inn VAR-området (vatn, avløp, slamtømming, feiing og renovasjon) er sett ut frå prinsippet om sjølvkost. HIM (Haugaland Interkommunale Miljøverk) har ansvar for renovasjon og slamtømming. Dei øvrige tenestene innan VAR-området blir utført av kommunen.

Frå 2016 blei det lagt opp til større grad av sjølvkost-prising på gebyrområda byggesak, oppmåling og plan. Dette er vidareført for 2017.

 

Barnehage: Maksimalpris i barnehage er i statsbudsjettet fastsett til kr 2 760,- for ein  heiltidsplass frå 1.1.2017. Dette representerer ein vekst på 3,3%. Om lag same vekst er lagt på dei øvrige barnehage-satsane.

SFO: Prisen er auka med generell prisvekst, og har elles ny struktur i samsvar med politisk sak frå februar 2016.

Kulturskule: Det er lagt inn generell prisvekst på denne tenesta.

Helse og omsorg: Maksimalpris for betaling for praktisk bistand for brukarar med inntekt under 2G er statleg fastsett. Dei fleste brukarane ligg i denne gruppa. I taksthefte er 2016-satsen oppgitt, fordi 2017-satsen ikkje er sett enda. For brukarar med inntekt over dette er prisane fastsett lokalt. Timeprisen er auka med kr 10,- til kr 310,- pr. time. Gjennomsnittleg tildeling er 4 t. pr. månad. Det er sett tak på dei ulike inntektsgruppene, slik at betaling er relatert til inntekt. Når det gjeld tryggleiksalarmar, er det inngått avtale om leasing av desse gjennom ein interkommunal avtale på Haugalandet.

Kommunale avgifter / VAR-området: Prisane er fastsett ut frå prinsippet om sjølvkost, og i samsvar med regelverk og rettleiar for dette. Renovasjonsavgiftene er redusert med om lag 13%. Dette skuldast gunstigare kontrakt med renovatør, fleire kundar enn tidlegare antatt, og generelt lågare kostnader. Slamtømmingsprisane er totalt sett uendra, men det er mindre justeringar opp og ned på dei ulike satsane. Pris på vatn aukar med 11,3% og avløp med 7,2%. Det er lagt inn store investeringar innanfor desse tenestene framover, noko som forklarar den høge prisveksten. Feiegebyret aukar med 4,4%.

Plan, landbruk, byggesak og oppmåling: Generell prisvekst er lagt til grunn, med unntak av plan- og byggesaker, der ein prisar fullt ut etter sjølvkost. Det er gjort ein del endringar i strukturen på desse satsane. Ein del satsar er uendra, medan andre har prisvekst på ulikt nivå. Størst prisauke er det på handsamingsgebyr for plansaker med 42,8% og 14,5% auke i timepris for dei saker som skal handsamast etter medgått tid. Gebyr innan landbruk er uendra. Gebyr etter matrikkellova er justert med vanleg prisstigning.

Sist endra 07.08.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Ove Eidsheim
Økonomisjef
E-post: Send epost
Login for redigering