Innbyggarinitiav

Innbyggarane i ein kommune eller i eit fylke har rett til å setje ei sak på den politiske dagsorden i kommunen eller fylket (initiativrett). Dette kallast innbyggarinitiativ.

Kommunestyret er forplikta til å ta stilling til eit framlegg som gjeld verksemda i kommunen, dersom minst 2 prosent av innbyggarane, eller minst 300 personar i kommunen - 500 personar i fylket, står bak framlegget.

Slik foreslår du ei sak for politikarane

  1. Gå inn på nettsida minsak.no
  2. Her kan du foreslå saker som du meinar at vil gjera din kommune betre.
  3. Deretter må du samla underskrifter. Dette kan gjerast elektronisk på nettsida.
  4. Når du har samla 300 underskrifter, kan du senda saka til kommunen din via nettsida

Fleire retningslinjer 

Meir om korleis du foreslår saker til politisk behandling kan du lesa her.

Om minsak.no

Minsak.no er utvikla i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Målet er at du lettare skal kunne foreslå saker for din kommune eller fylkeskommune. Dette er ein rett du har, som er lovfesta i kommuneloven.

Kontaktinformasjon

Politisk sekretariat
Telefon 53 65 65 65

Gunnbjørg Nesbu 53 65 65 62
Inger Olaug Sandvik 53 65 65 08