Politikk

Innbyggjarinitiativ

Innbyggjarane i ein kommune eller i eit fylke har rett til å setje ei sak på den politiske dagsorden i kommunen eller fylket (initiativrett). Dette kallast innbyggjarinitiativ. Kommunestyret er forplikta til å ta stilling til eit framlegg som gjeld verksemda i kommunen, dersom minst 2 prosent av innbyggjarane, eller minst 300 personar i kommunen - 500 personar i fylket, står bak framlegget.

minsak.no er ei nettportal som gjer det mogleg for innbyggjarar å fremja innbyggjarforslag elektronisk.

Å fremme forslag etter § 39a i Kommuneloven, er ein rett for kommunen og fylkeskommunen sine innbyggjarar. Det betyr at Kommunestyret eller Fylkestinget er forplikta til å ta stilling til forslaget, så framt vilkåra i loven elles er oppfylt. Om vilkåra for behandling av initiativ ikkje er oppfylt, står Kommunestyret eller Fylkestinget likevel fritt til å ta saka opp til behandling.

Dette krev underskrift frå minst tre medlemmer av Kommunestyret eller Fylkestinget. Forslag som klart ikkje oppfyller krava i loven, til dømes at det ikkje er mange nok underskrifter eller at forslaget er identisk med eit nylig behandla forslag (jfr. punkt 3.6.1), kan bli avvist. I slike tilfelle føreligg ikkje nødvendige vilkår for realitetsbehandling.

God forvaltningsskikk tilseier likevel at dersom det er manglar ved forslaget skal det gjerast merksam på dette, og forslagstillarane få høve til å rette opp forslaget slik at det blir i samsvar med loven sine krav.

Initiativretten er gitt "innbyggjarane" i kommunen eller fylket. Dette betyr at dei som står bak forslag må vere registrert busett i kommunen dersom forslaget blir fremma ovanfor kommunen, eller i fylket dersom forslaget blir fremma ovanfor fylkeskommunen.

Det er ikkje eit krav at dei som står bak forslaget har stemmerett. Det betyr at forslag kan bli fremma også av personar under 18 år.

Det er utforma retningslinjer for innbyggjarinitiativ.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30