Folkemøte

Er du interessert i å læra meir om kommuneplanprosessen og vera med på å påverka korleis Vindafjord skal utvikla seg dei komande åra
 – kom på folkemøte!

Folkemøta skal vera «arbeidsmøte» der alle kan koma med innspel til kommuneplanen, både samfunnsdelen og arealdelen. 

Program for møta

  • Innleiing ved ordførar eller varaordførar
  • Info om kommuneplanen ved samfunnsutviklar eller einingsleiar

Gruppearbeid om tema

  • berekraftig kommune
  • attraktive lokalsamfunn
  • framtidsretta tenester
  • arealdelen
  • Ølen som sentrum og moglegheitsstudiet

Kvart møte blir også annonsert gjennom grendautvala.

Plan for folkemøta

Plan for folkemøte om kommuneplanen
Dato Klokkeslett Bygd Hus
22.09 19.00-21.30 Ølen og Ølensvåg Ølen kulturhus
29.09 18.00-20.30 Vats Vats skule
28.09 19.00-21.30 Skjold Skjold Arena
06.10 19.00-21.30 Sandeid Sandeid samfunnshus
07.10 19.00-21.30 Vikedal Vikedal bygdahus
20.10 19.00-21.30 Imsland Imsland bygdahus
20.10 17.30 - 20.00 Vikebygd Vikebygd bygdahus
25.10 19.00 -21.30 Bjoa Bjoa skule