Planprosess

Framdriftsplan

Vindafjord kommune har starta arbeidet med revisjon av kommuneplanen. Ekstern og intern medverknadsprosess er gjennomført. Administrasjonen arbeider nå med samanstilling, oppsummering og analyser av alle innkomne innspel. Sjå meir informasjon om funn og den vidare prosessen under kvart av menypunkta gjestebod, spørjeundersøking, innspel til arealdelen og innspel til samfunnsdelen. 

I formannskapet 8. november fekk politisk styringsgruppe framlagt ny framdriftsplan på dette arbeidet. Denne blei tatt til orientering og blir lagt til grunn for det vidare arbeidet. sjå oppsett framdriftsplan under med forklaring. 

Planstrategi - Oversikt over planer som skal gjennomførast i kommunestyreperioden. Planprogram (utsatt framdrift grunna covid-pandemien) - er oppskriften og kva som skal vere innhaldet i revisjonsarbeidet. I 2021 blei det gjennomført eit stort medverknadsarbeid for både samfunnsdelen og arealdelen. Det har ikkje vore mogleg å få til ein framdriftsplan som sikrar vedtak i denne kommunestyreperioden. Det er derfor viktig at kommuneplanen blir vedtatt av nytt kommunestyre. Det blir lagt opp til vedtak på samfunnsdelen tidleg vår 2024 og vedtak på arealdelen i løpet av 2024

Planprogram

Før planarbeidet kan starta må det utarbeidast eit planprogram. Planprogrammet er oppskrifta for planarbeidet. 

I planprogrammet er det forslag til:

  • Prosess og organisering av arbeidet (politisk og administrativt)
  • Satsingsområde
  • Medverknad
  • Framdriftsplan

Planprogrammet blei vedtatt i kommunestyret 22.06.2021.

Medverknad

Korleis kan du vera med på å forma vindafjordsamfunnet inn i framtida? Å høyra på di stemme er lovbestemt og skal skje på fleire nivå før kommunen gjer vedtak.

Dette kan illustrerast ved hjelp av medverknadstrappa:

 

 

  • Me vil halda deg oppdatert og informert om planarbeidet både på desse sidene og gjennom Facebook.
  • Me vil innhenta informasjon til samfunnsdelen gjennom ei spørreundersøking som blir sendt ut i slutten av august. Vidare vil me lansere ei eigen innspelsløysing til arealdelen der du kan leggje inn dine innspel rett i kartet. 
  • Me vil ha ulike former for dialog, både gjennom ordinære folkemøte og gjestebodsmodellen (PDF, 378 kB).
  • Me legg opp til tett samarbeid med alle grendeutvala som også skal vera med på å prioritera ulike innspel.
  • Vidare vil me ha dialog og eigne temamøte med ulike grupper i samfunnet, slik at alle stemmer blir høyrt.

Følg med på desse sidene framover for å finna fram til korleis du best kan vera med i arbeidet vidare.

Først ut er den digitale spørjeundersøkinga som me håper alle vil svara på.  

Kontakt oss
Stilling Ansvar Namn Telefon
Kommunalsjef Hovudansvarleg for kommuneplanarbeidet Halfdan Krohn Brekke 92 24 60 49
Einingsleiar Hovudansvarleg for arealdelen Thomas Vestbø 97 54 01 80
Seniorrådgjevar Hovudkontaktperson arealdelen Sissel Aarvik 53 65 61 36
Rådgjevar Hovudkontaktperson samfunnsdelen Ingrid Johannessen 53 65 61 23
Einingsleiar I arbeidsgruppa for område helse og omsorg Tina Kvaløy 95 05 90 91
Barnehage- og skulesjef I arbeidsgruppa for barn og unge Svein Carlos Nilsen Gjil 99 07 88 63
Einingsleiar I arbeidsgruppa for kultur, idrett og friluftsliv Ane Kesia Eide Fatland 53 65 58 50/ 48 09 92 51

Følg med på denne sida framover, og me vil halda deg orientert om prosessen vidare. 

 

Meir om dei nye satsingsområda

 

Satsingsområde: Saman for bærekraftig kommune attraktive lokalsamfunn, gode liv, livslang læring med utgangspunkt i erfaring historie - Klikk for stort bilete