Personvernerklæring

Personvernerklæring for elektroniske skjermdialogar hos Vindafjord kommune.

Definisjonar (referanse til personopplysningslova § 2)

Lov om behandling av personvern

Denne personvernerklæringa følgjer fastsetting i Lov om behandling av personvernopplysningar (personopplysningslova) av 01.01.2001 med tilhøyrande forskrift.

Personopplysningar

Dersom du føler at ditt personvern er sikra ved denne erklæringa, samtykker du til lagring ved oppretting av din brukarprofil. Samtykket blir gitt som godkjenning av våre retningslinjer for personvernet, og som samtykke for behandlingsmåten av opplysningane.

Lagring av opplysningar

Dersom du loggar deg på med e-post, MinID eller BankID, kan du når som helst velja å avbryta utfyllinga av skjermdialogen og eventuelt henta den opp igjen for vidare utfylling seinare.

Opplysningane du har tasta inn vil ligga lagra på Vindafjord kommune sin server. Dei vil ikkje vera tilgjengelege for mottakar i kommunen før du bestemmer deg for å senda inn søknaden.

Når du har vald innsending, har du samtidig samtykka i at mottakar kan behandla opplysningane. Vel du å avbryta utfyllinga, vil skjemaet bli mellomlagra på din brukarprofil, og må eventuelt slettast av deg sjølv.

Sikker linje

Alle opplysningar som blir overført mellom di datamaskin og vår server, føregår over sikker, kryptert linje (SSL). Løysninga tilsvarar sikkerheita som er brukt i nettbankane.

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar

Du kan når som helst be om å få sjå opplysningane me har registrert om deg. Dette gjer du ved å senda ei melding til postmottak@vindafjord.kommune.no.

Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du kreva å få opplysningane sletta.

Dersom du har oppretta ein brukarprofil i løysninga, kan du sjølv sletta. Dette er jamfør personopplysningslova § 18 og retting etter same lov § 27 og § 28.

Manglande samtykke

Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivaretatt, vil du ikkje kunna nytta sjølvbeteningsportalen i høve til elektroniske søknadsskjema. Du må då ta kontakt med organisasjonen på annan måte.

Aldersgrense

Du stadfestar at du er over 18 år.

Lurer du på noko?

Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa, kan du kontakta

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1
5580 Ølen

Servicetorg: 53 65 65 65