Kommunalsjef for personal og organisasjon

Kommunalsjef Kristin M. Dahle har ansvar for løn, personal og organisasjon, i tillegg til eit overordna ansvar for avdelingane service- og fellestenester og IKT (interkommunalt).

Kristin M. Dahle

Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Kommunalsjefen har ansvar for

Kommunalsjef er ein del av kommunedirektørens strategiske leiargruppe som saman har eit hovudansvar i høve til politiske og administrative avgjerder og følgje opp resultatkrava i organisasjonen. Det blir vektlagt god utvikling av kommunen sine tenester, arbeidsgjevarpolitikk og samfunnsrolle.

Kommunalsjefen har det overordna fag- og økonomiansvar for heile rammeområde, og har ansvar for at tenestene vert drive i samsvar med dei overordna måla som vert sett.

Kommunalsjefen har ansvar for

  • Strategisk leiing i kommunen
  • Overordna leiing av støtte/stab i ansvarsområdet
  • Overordna økonomistyring i ansvarsområdet
  • Tariff og forhandlingar, HMS og arbeidsrett
  • Stedfortredar for kommunedirektøren
  • mm.

Personalavdelinga

Personalavdelinga har overordna ansvar for alt innafor området løn, personal og organisasjon. Dette inkluderer blant anna:

  • Tariff, lokale lønsforhandlingar og all utbetaling av løn
  • HMS, arbeidsmiljø og inkluderande arbeidsliv
  • Lærlingordninga
  • Tillitsvalde og vernetenesta
  • Nærværsarbeid, sjukepengar og refusjonar frå NAV
  • Personalsaker og konfliktløysing
  • Tilsetjings- og oppseiingsarbeid
  • Leiarutvikling, rettleiing og støtte til leiarane
  • Organisasjonsutvikling
  • Diverse innafor arbeidsrett
  • Pensjon
  • Avdelinga sakshandsamar fast til Arbeidsmiljøutvalet (AMU) og Administrasjonsutvalet (ADMU) i tillegg til at kommunalsjefen representerer kommunedirektøren i Ungdomsrådet

Det er totalt fem årsverk på løn og personal, inkludert kommunalsjef personal og organisasjon.

Service- og fellestenester

Avdelinga service- og fellestenester inkluderer drift av servicetorg og arkiv, samt merkantile tenester for barnevern, PPT og tilrettelagde tenester. Servicetorget er blant anna ansvarleg for: 

  • Å vera kontaktpunkt for innbyggjarane via sentralbord og skranke
  • Halda vedlike og utvikla nettsider, søknadssenter og Vindafjord kommune på facebook
  • Samordning av informasjon og kommunikasjon til befolkninga, inkludert i kriseleiing
  • Arkivfagleg kompetanse og utvikling, inkludert drift av saks- og arkivsystem
  • Diverse kring informasjonstryggleik og personvern
  • Skjenkeløyve og alkoholpolitiske retningsliner
  • Politisk teneste, inkludert møtesekretærfunksjon
  • Å vera kontaktpunkt for tilsette internt i kommunen for diverse fellestenester som for eksempel leasingbilar
  • Ansvarleg for merkantile tenester innafor arkiv, økonomi og personal for tre einingar i Familiens Hus
  • Å vera kontaktpunkt for det interkommunale personvernombodet

Det er totalt 8,4 årsverk på service- og fellestenester.

IKT

IKT-avdelinga er eit interkommunalt samarbeid mellom Etne og Vindafjord kommunar (EVIKT). EVIKT vart oppretta i 2015, og Etne kommune er vertskommune med arbeidsgjevaransvar. Eininga har ansvar for:

  • Teknisk drift av alle Etne og Vindafjord kommunar sine IKT-system
  • Utvikling av IKT-system og overordna samordning
  • Diverse kring informasjonstryggleik
  • Support til alle tilsette i kommunane
  • Innkjøp og handtering av IKT-utstyr
  • Eitt av årsverka i EVIKT er tilsett som digitaliseringsrådgjevar

Det er totalt sju årsverk på EVIKT.

Kontaktinformasjon

Kristin Marie Dahle
Kommunalsjef for personal og organisasjon
E-post
Mobil 452 19 036
Tord Askvig
Leiar
IKT Etne og Vindafjord
Vindafjord Kommune
E-post
Telefon 53 65 65 90
Mobil 918 10 789
Stina Hetland Golf
Leiar
Service og fellestenester
E-post
Telefon 53 65 65 27
Mobil 971 36 580