Fylkeskommunen har ansvar for all vidaregåande opplæring.
Det er to vidaregåande skular i Vindafjord, ein offentleg og ein privat.
Ølen vidaregåande skule er den offentlege skulen, eigd av Rogaland Fylkeskommune. Den ligg i Ølen sentrum.
Lundeneset vidaregåande skule ligg i Ølensvåg og har godkjenning som privatskule etter privatskuleloven med Norsk Luthersk Misjonssamband som eigar. Skulen har internat.
Du finn nyttig informasjon om vidaregåande opplæring gjennom dei eksterne lenkene i høgre kant.
Publisert03.11.2015 13.19