Oppvekst, skule og familie

SLT - Vindafjord kommune

Logo - SLT - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

SLT - Samordning av Lokale kriminalitetsførebyggande Tiltak
 

SLT-styringsgruppe i Vindafjord:
Kommunalsjef Anne Sofie Sandvik
Kommunalsjef Sigurd Gjerdevik
Kommunalsjef Nils Erik Eide

Telefon: 53 65 65 65
E-post: postmottak@vindafjord.kommune.no 

Politikontakt i Vindafjord kommune: Kristine Haraldseid
Epost: kristine.haraldseid@politiet.no

Handlingsplan SLT 2021-2023 Vindafjord

Handlingsplan førebygging av radikalisering og valdelig ekstremisme (revidert mai 2020)

Kva er SLT?

SLT er ein samordningsmodell for lokale, førebyggande tiltak mot rus og kriminalitet. SLT skal sikre at dei ressursane som allereie finst hos kommunen og politiet blir meir samkøyrte og målretta.

Kva er dei største utfordringane for unge menneske i din kommune?

Kven av dei er spesielt utsett for å havne i enda større vanskar?

Korleis kan desse få best mogleg hjelp til å meistre livet sitt og unngå rus og kriminalitet?

SLT-modellen er utvikla av Det kriminalitetsførebyggande råd for å hjelpe norske kommunar til å bruke kreftene sine mest mogleg effektivt i møte med desse utfordringane.

Barn og unge som målgruppe

SLT-modellen sørger for eit samarbeid mellom politi og kommune innan området rus- og kriminalitetsførebygging. SLT er i hovudsak retta mot barn og unge, og deira foreldre og føresette.

Målet er at kommunen sine barn og unge skal få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper.

SLT-modellen blei introdusert i Noreg av KRÅD tidleg på 1990-talet, basert på den danske SSP-modellen. SLT blei vitskapleg evaluert første gong i 1995 (NIBR), seinast av Myrer, Strype, Egge og Gundhus (Politihøgskolen 2008), og er i tillegg grundig utprøvd av rundt 200 norske kommunar.

Det er vel kjent at kriminalitet kostar samfunnet enorme summar, både økonomisk og menneskeleg. Eit effektivt førebyggingsarbeid er ei investering som på sikt får betydeleg avkastning i form av sunnare, tryggare og meir levande lokalsamfunn. Likevel ser me ofte at førebyggingsarbeidet ikkje får dei ressursane det burde hatt. Då er det enda viktigare at dei ressursane som faktisk finst, blir utnytta best mogleg. Det er dette SLT-modellen handlar om.
SLT-modellen er utvikla for å koordinere kunnskap, kompetanse og ressursar mellom politiet og dei kommunale einingane som tar kriminalitetsførebyggande omsyn. Det inkluderer også to andre viktige delar av lokalsamfunnet: næringslivet og dei frivillige organisasjonane.

Når alle desse sektorane møtest regelmessig for å utveksle kunnskap og erfaringar, bli kjent med kvarandre sine arbeidsmåtar og kulturar - og gjerne samordnar tiltak og oppgåver, blir det enklare å drive målretta førebygging på ein meir effektiv måte. Når signaler blir fanga opp og blir spreidd raskare, kan tiltak setjast inn tidlegare og meir presist – mens faren for dobbeltarbeid og overlapping reduserast.

Dette er nøkkelen i SLT-modellen. Dette er også i samsvar med dei stadig tydelegare krava til kunnskapsstyrte konklusjonar, både i politiet og hos andre tenester.

Organiseringa av SLT-arbeidet

1. SLT-arbeidet er forankra gjennom ei styringsgruppe som består av kommunalsjef helse og omsorg, kommunalsjef samfunnsutvikling og kommunalsjef oppvekst. Styringsgruppa har fast fire årlege møte, der politikontakten møter.

2. Neste nivå er SLT- arbeidsutvalet. Det har ansvaret for den praktiske koordineringa av kommunen sitt rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid. Samansetjinga i gruppa skal reflektere dei viktigaste oppgåvene for SLT-nettverket i kommunen. Aktuelle deltakarar er styringsgruppa, politikontakt, barnevern, skule, kultur, helse, NAV/sosial, PPT, utekontakt og vidaregåande skular. Skulerådgjevar har rolla som sekretær. Utvalet har minimum tre møte i året. 

3. Det utførande nivå står for det direkte rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet. Her finst alle som er i direkte kontakt med barn og unge. Det kan vere tilsette i kommunen sine eigne einingar og førebyggande politi. Frivillige organisasjonar, kyrkja, samt det lokale næringsliv har også ei rolle i det førebyggande arbeidet på dette nivået. Tiltaka kan vere nøye planlagt og langvarige, eller raskt initiert og kortvarige. Det kjem an på problemstillinga.

SLT-arbeidet er koordinert saman med arbeid knytt til BTI - og folkehelsearbeid i kommunen.

Politikontakt 

Politikontakten skal vera det primære bindeleddet mellom kommunen og politiet. Hovudoppgåver og spesielle fokusområde:

  • Politikontakten skal styrkja det eksisterande førebyggjande arbeid som alt er etablert og vera ein del av resten av det kriminalitetsførebyggjande arbeidet i kommunen.
  • Politikontakten skal vera eit av dei viktigaste kontaktpunkta mellom politi, publikum og dei ulike aktørane i kommunen.
  • Politikontakten skal fungera som politiets kontaktpunkt for det førebyggande arbeidet i distriktet. Han skal så langt ressursen tillét det, vera med i det praktiske arbeid som for eksempel foredrag i skular.
  • Politikontakten skal gi råd om og sjå til at kriminalitetsførebyggjande metodar og tiltak vert rett brukt i kommunen.
  • Politikontakten skal være pådrivar i arbeidet med politiråd. Her skal han ha særleg ha fokus på oppfølging  av avtalar og planar.
  • Politikontakten skal delta aktivt i planlegging og styring av politiet si operative teneste.
  • Politikontakten skal arbeida for å skapa felles oppfatning av problem og mål mellom politi og kommune. Han skal fremja deling av kunnskap og utveksling av erfaring. Vidare skal han presentera politiet sin analyse av kriminaliteten i kommunen i dag og forventa utvikling. Detta må sjåast i samanheng med kommunen sine eigne vurderingar av situasjonen.  Han må difor ha god lokalkunnskap og henta inn etterretning om trendar og utviklingstrekk i lokalsamfunnet samt opplysningar om grupperingar og enkeltpersonar som er inne i ei negativ utvikling.
  • Politikontakten skal etablera kontakt med andre offentlege organ og  myndigheiter, næringsliv, frivillige lag og organisasjonar m.m med fokus på førebyggjande samarbeid. Han skal ha særleg fokus på kontakt med lokalt  NAV kontor, kommunale helsetenester, skular, interkommunale barnevern og integreringstenesta.

Politikontakten i Vindafjord kommune: Kristine Haraldseid
Epostkristine.haraldseid@politiet.no

Ung Data 2019 Vindafjord - resultat


Ungdomsskule

 

Vidaregåande skule

 

Felles

 

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30