Oppvekst, skule og familie

Nytt frå Oppvekst

På denne sida vil me til ei kvar tid prøve å oppdatere med siste nytt frå Oppvekst. Skjer det noko på områda, som er viktig for oss å informere om til brukarane våre, legg me det fortløpande ut her. Er du på jakt etter informasjon om den enkelte eining, er det berre å klikke vidare inn på ein av lenkene på førre side. Send gjerne inn tips, som me kan leggja ut her.

Nytt frå Oppvekst

19.05.20 - Gradvis gjenopning av kulturskulen

Frå måndag 18.mai, er det opna for undervisning på kultur- og læringssenteret i Ølen. Frå veke 22, mandag 25. , er det opna opp for desentralisert undervisning. Lærarane vil ha direkte kontakt med elevane m.o.t.ev.endringar i rombruk og tidspunkt der det er aktuelt.

Re-registrering

Elevar som har plass i kulturskulen og vil halda fram til hausten er det opna opp for re-registrering via speedadmin.  https://novindafjord.speedadmin.dk/account/signin?ReturnUrl=%2f

Nye søknader

Søknadsportalen til kulturskulen er open heile året.  Frist for hovudopptaket var 15.mai, men portalen vert ikkje stengd, så ein kan halde fram med å søkje via søknadsportalen:  https://novindafjord.speedadmin.dk/tilmelding#/

19.05.20 - Revidert handlingsplan for radikalisering og valdeleg ekstremisme

Denne handlingsplanen skal reviserast kvart tredje år, og er no utført. Her kan du lese revidert handlingsplan (mai 2020).

14.05.20 - Vindafjord bibliotek er med på Sommarles også i år

Vindafjord bibliotek administrerer også i år den lokale deltakinga i lesekampanjen Sommarles med oppstart 1. juni. I fjor deltok Vindafjord kommune med heile 300 elevar, klarar me fleire i år? Sommarles er også for dei nye førsteklassingane, samt dei som etter sommaren skal over i ungdomsskulen. 

Sommarles er ein digital lesekampanje for 1.-7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august. På sommarles.no kan du registrere bøkene du les, samle poeng, få kule premiar og lesetips, lese den eksklusive Sommarles-forteljinga, løyse oppgåver og følge med på kva vennene dine les!

Vil du vite meir om Sommarles, sjå her

Elles les meir om Vindafjord Bibliotek her – ta kontakt på telefon 53 65 58 60 dersom du lurar på noko.

Klikk for stort bilete  

 

08.05.20 - Oppstart av skule for 5. - 10. steg

08.05.20: Måndag 11. mai opnar skulane for 5.- 10. steg. 1.- 4. klasse har allereie vore på skulen i to veker, og det har gått veldig bra, elevar og tilsette har vore flinke til å forholda seg til smittevern.

Utdanningsdirektoratet har saman med Folkehelseinstituttet revidert dei eksisterande smittevernrettleiarane, som kom ut i samband med opning av barnehagar og småskulen. Desse gir råd og støtte til skular om smittevern.

Her er også informasjonsskriv til foreldre, oversett til fleire språk

Denne filmen om kva elevane bør tenkja på når dei kjem tilbake til skulen finn de her, den kan vera nyttig å sjå saman med elevane.

Det er også laga ein film der Udir fortel litt om kva ein må hugse på som vaksne i samband med opning av skulane.

Leiinga ved skulane, i samarbeid med dei tilsette, har førebudd seg på denne gjenopninga, men fekk først vite kva Regjeringa bestemte torsdag 07.05.20, på ettermiddagen. Dei har verkeleg jobba godt for å gjera denne opning trygg og god for elevane. Nokre skular er klare til å ta i mot 5.- 10. klasse allereie måndag 11.mai, medan andre kanskje må ha ein dag og to til å rigge seg. Dette er med tanke på smittevern. Det er framleis slik at elevane skal vera i faste kohortar, og halda minimum ein meters avstand. Det er dette som kan føre til utfordring med tanke på plass, difor sonderer rektor og leiinga ved skulane om det er behov for andre lokale i nærområdet, som kan vera aktuelle. Den enkelte rektor vil senda eigne informasjonsskriv om korleis skulen riggar seg til ny start.


Skyss

Kolumbus AS visar til sentrale myndigheters avgjerd om å gjenopne skulane. Her kan de lesa om korleis Kolumbus planlegg gjennomføringa av skuleskyssen, etter gjenopninga av skulane.

Smittevernreglar

  • Gjeldande smittevernreglar skal følgast, med minimum ein meters avstand mellom dei reisande
  • For å forenkle informasjonen om ein meters avstandskrav, vil seter i bussane vera merka som sperra
  • Normalt skal det berre sitja ein elev pr dobbelsete. Unnatak: elevar frå same husstand kan sitja saman på eit dobbelt sete
  • Sjåførane har ikkje høve til å følgje opp at smittevernreglene vert følgt, her oppfordrar ein skulene og elevane sine føresette om å informera elevane om dei gjeldene reglane
  • Det vert gjennomført ekstra vask av alle bussane, minimum ein gong pr døgn
  • Etter kvar tur, vil sjåførane gå over kontaktflatar med desinfiserande midlar

Gjennomføring av skoleskyssen

  • Skulebussane vil følgja oppsette ruter, til same tid og strekningar som før stenging av skulane blei gjennomført.
  • I veke 20 vil me køyre med normal kapasitet måndag, tysdag og onsdag.
  • Dersom kapasiteten på skulebussen er for liten, vil me innføre ein kombinasjon av følgende:
    • Setje inn ein ekstrabuss på avgang(ane)
    • Skulebussen køyrer to turar til skulen og to turar frå skulen.
    • Omdisponera, der det er mogleg bussmateriell for auka kapasitet
  • Må det køyres to eller fleire turar med skulebussen, må elevane informerast om dette
  • Det vert ikkje planlagd med ståplassar på skuleskyss
  • Det er ikkje nok bussmateriell i Rogaland til å køyre to bussar pr skuleskyssavgang

Elever med individuell tilrettelagt skuleskyss

  • Skyss av elever med rett til individuell tilrettelagd skule vil følgje dei same tidene som før stenging av skulene
  • Dersom smittevernreglane ikkje kan følgjast under transport, må transportør køyre fleire

Elever utan skyssrett

  • Slik situasjonen er nå, med avstandskrav vil det ikkje vera mogleg for elever uten skyssrett til å følgje skulebussane. Dette gjeld sjølv om dei har løyst gyldig billett (busskort). Kolumbus beklagar ulempene dette kan medføre for den enkelte elev, men med sterkt begrensa kapasitet, må ein prioritere dei som har rett til skuleskyss etter Opplæringslova


Tilsyn

Skuleeigar har framleis ansvar for å sørge for eit tilbod til elevar som har føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver, 1.-7.klasse. Terskelen for å få tilbod ligg høgt av omsyn til smittevern. Difor bør dette tilbodet reduserast så mykje som mogleg. Beredskapslinja i kommunen har fullmakt til å avgrense eller utvide tilbodet. Det er nok at éin føresett arbeidar i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbod dersom det ikkje finnes andre muligheiter for barnepass. Arbeidsgivar må på førespurnad kunne bekrefta at føresette er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdskritisk oppgåve.

Det skal også leggjast til rette tilsyn for barn og unge med særskilde omsorgsbehov. Her skal det gjerast eigne vurderingar. Det er den enkelte skule som kjenner elevane best, som saman med andre lokale faginstansar kan gjera gode vurderingar.


SFO

I utgangspunktet skal det vera ordinær opningstid. Det er kun høve til å  redusere opningstid ved særlege høve. Informasjon om eventuell endring av opningstid og tilbod, vil rektor informere vidare om dersom aktuelt. Skulen må lage kohortar og reglar om opphald. Det blir lagt til rette for mykje uteaktivitet. I tillegg til dei som til vanleg har SFO tilbod, kan det vera ein del elevar som har tilsyn. Rettleiar for smittevern gjeld også i SFO.

 

Nyttige lenker
 

Udir: Informasjonsskriv til foreldre, oversett til fleire språk

Udir: Skole – informasjon om koronasituasjonen

Udir: Rettleiar om smittevern for barneskule og ungdomsskule

Til barn og unge i Vindafjord

 


Spørsmål?

Har du meir spørsmål som gjeld skulestart eller tilsyn, ta direkte kontakt med rektor på skulen din. Den enkelte skule vert lokal tilpassa, med reglar og organisering grunna ulik storleik og utforming på byggja.

Dersom det er overordna spørsmål på kommunenivå, ta kontakt med skulerådgjevar Leiv Karsten Medhaug. Kontaktinformasjon til rektorane og skuleeigar finn de her.

Les elles skriv om opning av 1.-4.klasse her.

Vidare vil eg takka alle elevar, føresette og tilsette som har gjort ein formidabel innsats i den tida skulane har hatt fjernundervisning. Endeleg er det no altså opna opp for at alle elevane skal få kome tilbake til skulen, det er gledeleg. Elevar og foreldre kan vera trygge på at elevane vil bli møtt av trygge og gode vaksne, som vil gjera alt for at elevane skal få ein god oppstart. Motiverte tilsette og leiarar gler seg til å få møta elevane igjen.

Lukke til!


Med helsing

Nils Erik Eide

Kommunalsjef Oppvekst

98 28 68 72

08.05.20 - PP-Tenesta er på veg tilbake til det ordinære - i ei ekstraordinær tid

Frå og med måndag 11.05.20 er alle tilsette i PP-tenesta tilbake på kontoret på Rådhuset.

PP-tenesta jobbar fortsatt med sakkunnige vurdering for barnehage- og skuleåret 2020-21 og startar òg opp arbeid i nye saker. Observasjonar, møte og kartlegging i barnehagar og skular vert gjennomført etter avtale med leiar i barnehage og skule, og i forståing med foreldre/føresette. For all aktivitet i barnehage og skule, er det rettleiarane frå Udir som gjeld. Rutinar knytt til smittevern vil stå i innkallingane frå PP-tenesta. Grunna press på personal i barnehage og skule denne våren, både i barnehage og skule, vil kartlegging og testing som hovudregel gjennomførast på Rådhuset.

07.05.20 - Handlingsrettleiar BTI (Betre Tverrfagleg Innsats)

Vindafjord kommune er ein BTI kommune, der me i fleire år har hatt prosjektmidlar til å etablera modellen for tverrfagleg samhandling for barn og unge. Desse midlane gjekk ut 2019, og no er me over i ordinær drift der alle som har med barn og unge i Vindafjord å gjere har same rettleiar å arbeid ut frå når dei kjenner på ei uro for eit barn eller ein ungdom. Barnehagar og skular skal vera gode og inkluderande, og hjelpetenestene tilgjengelege,  slik at me saman kan gje rett hjelp til rett tid. Det skal vera trygt og godt for barn og unge og veksa opp i vår kommune. Men det er ikkje alltid alle har det slik.

Kva gjer du dersom du lurar på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp? Rettleiaren er og til bruk for alle som bur i Vindafjord. Ta ein kikk her og sjå kva du kan gjere.

Om du er ungdom og har spørsmål kan du kanskje finne nokre svar her.

29.04.20 - Skulehelsetenesta aukar opp tilbodet

Skulehelsetenesta auker no opp tilbodet for born i skulehelsetenesta og me ser fram til å møte elevane igjen. Vi har fokus på smittevern og fylgjer gjeldande retningslinjer frå Folkehelseinstituttet.

Helsesjukepleiar er vanligvis ikkje tilstades ved skulen, men tilgjengelig på telefon, teams for chat og videosamtale. Men me kan kontaktas alle dagar på telefon,og etter avtale møte elevane på oppsette dagar, sjå nedanfor.

Kontaktperson: Malene Vestbø tlf: 90 72 20 59.
Bjoa:                     Mandag
Vågen:                 Tysdag
Ølen:                    Torsdag og fredag

Kontaktperson: Snefrid Trondsen Tlf: 48 89 09 28    
Vikedal:               Tysdag
Sandeid:              Onsdag
Imsland:              Onsdag x 1 pr mnd

Kontaktperson: Bjørg A. Stokland tlf. 97 67 48 39
Skjold/Vik:           Torsdag

Kontaktperson: Hilde Bjerkreim tlf: 99 57 09 69
Vats:                     Tysdag

27.04.20 - Erfaringar etter ei veke med utvida smitteverntiltak i barnehagane

Erfaringar etter ei veke med utvida smitteverntiltak i barnehagane

Barnehagane har no vore i gang ei veke og har fått litt erfaring med den nye barnehagekvardagen. Det har vore mange rutiner som er endra for å imøtekomme smittevern tiltak.

Døme:

  • Barn og foreldre/føresette må vaske hender før dei drar heimefra og når dei kjem til barnehagen
  • Foreldre / føresette kjem i minst mogeleg grad inn i barnehagane, men barna blir møtt ute og me er i størst mogeleg grad ute
  • Det er faste kohortar (smågrupper) med barn og tilsette som er i lag heile dagen
  • To fast kohortar samarbeidar om praktiske rutiner og barna frå dei to gruppene kan også leike noko ilag
  • Barna får ikkje smørje mat sjølv og leikene er delt på dei ulike kohortane
  • Utvida reinhald

For å ivareta krava til smittevernfagleg forsvarleg drift kjem barnehagane framleis til å ha noko redusert tilbod om opphaldstid og held fram med opphald på inntil 7 timar om dagen. Truleg kjem det fleire barn tilbake til barnehagane frå 27. april når skulane opnar, så det kan vera barnehagar som på sikt vil måtte vurdera å gå enno lenger ned på opphaldstida.

Informasjon frå KS om oppstart av barnehagar

Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbruddet

Barn av foreldre i samfunnskritiske funksjonar og barn med særlege behov skal bli ivareteken utover opphaldstid på 6 – 7 timar, om det er påkrevd.

23.04.20 - Oppstart av skule for 1. - 4. steg

23.04.20: Frå måndag 27. april opnar skulane for 1.- 4. steg igjen. Utdanningsdirektoratet har saman med Folkehelseinstituttet laga ein smittevernrettleiar som gir råd og støtte til skular.

I tillegg finn de informasjonsskriv til foreldre, oversett til fleire språk.  

Film om kva elevane bør tenkja på når dei kjem tilbake til skulen finn de her. Det er også laga ein film der Udir fortel litt om kva ein må hugse på som vaksne når skulane opnar opp igjen.

Skyss
Vår transportør Kolumbus har tryggja oss på at dei held seg til nasjonale retningslinjer når det gjeld smittevern. I tillegg til det som står i rettleiaren på side 14, informerer Kolumbus om følgjande:

  • Sjåførane har ikkje høve til å rettleia elevane på bussane, her må føresette/skulane informera elevane på førehand korleis dei skal setja seg i bussane.
  • Ein reisande pr. dobbelsete (søsken kan sitja saman).
  • Sjåførane har heller ikkje høve til å hjelpa dei minste med setebeltet.
  • Framdøra på bussane er sperra, kun inngang/utgang bak.
  • Dei to fremste seteradene på bussane er avsperra.
  • Maxitaxi/minibuss som har 16 sitjeplassar, er det mogleg å ta med 10 sitjande passasjerar.
  • Maxitaxi/minibuss med 12 sitjeplassar, 8 sitjande passasjerar.
  • Vanleg taxi (personbil) maks 2 passasjerar, ingen i framsetet.
  • Rullestoltransport i stor taxi, maks 2 rullestolar, dersom 1 meter mellom kvar rullestol. Elles er det maks ein rullestol.

I tillegg til avstandskrava har alle transportørar, buss og taxi sett i verk ekstra reinhald av køyretøya. Sjåførar vaskar over alle kontaktflatar med desinfiserande midlar etter kvar tur.

Tilsyn
Skuleeigar har framleis ansvar for å sørge for eit tilbod til elevar som har føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver, 1.-7.klasse. Terskelen for å få tilbod ligg høgt av omsyn til smittevern. Difor bør dette tilbodet reduserast så mykje som mogleg. Beredskapslinja i kommunen har fullmakt til å avgrense eller utvide tilbodet. Det er nok at éin føresett arbeidar i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbod dersom det ikkje finnes andre muligheiter for barnepass. Arbeidsgivar må på førespurnad kunne bekrefta at føresette er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdskritisk oppgåve.

Det skal også leggjast til rette tilsyn for barn og unge med særskilde omsorgsbehov. Her skal det gjerast eigne vurderingar. Det er den enkelte skule som kjenner elevane best, som saman med andre lokale faginstansar kan gjera gode vurderingar.

SFO
I utgangspunktet skal det vera ordinær opningstid. Det er kun høve til å  redusere opningstid ved særlege høve. Informasjon om eventuell endring av opningstid, vil rektor informere vidare om dersom aktuelt. Skulen må lage kohortar og reglar om opphald. Det blir lagt til rette for mykje uteaktivitet. I tillegg til dei som til vanleg har SFO tilbod, kan det vera ein del elevar som har tilsyn. Rettleiar for smittevern gjeld også i SFO.

Nyttige lenker
Udir: Informasjonsskriv til foreldre, oversett til fleire språk
Udir: Skole – informasjon om koronasituasjonen
Udir: Rettleiar om smittevern for barneskulen
Til barn og unge i Vindafjord

Spørsmål?
Har du meir spørsmål som gjeld skulestart eller tilsyn, ta direkte kontakt med rektor på skulen din. Den enkelte skule vert lokal tilpassa, med reglar og organisering grunna ulik storleik og utforming på byggja.

Dersom det er overordna spørsmål på kommunenivå, ta kontakt med skulerådgjevar Leiv Karsten Medhaug.

Kontaktinformasjon til rektorane og skuleeigar finn de her.

Til slutt vil eg ønskja alle lukke til med oppstarten. Elevar og foreldre kan vera trygge på at elevane vil bli møtt av trygge og gode vaksne, som vil gjera alt for at elevane skal få ein god oppstart. Motiverte tilsette og leiarar gler seg til å få møta elevane igjen.

Kontaktinformasjon til rektorane og skuleeigar finn de her.

Til slutt vil eg ønskja alle lukke til med oppstarten. Elevar og foreldre kan vera trygge på at elevane vil bli møtt av trygge og gode vaksne, som vil gjera alt for at elevane skal få ein god oppstart. Motiverte tilsette og leiarar gler seg til å få møta elevane igjen.

 

Med helsing

Nils Erik Eide
Kommunalsjef Oppvekst
98 28 68 72

16.04.20 - Oppstart barnehagar

16.04.202: Måndag 20. april opner barnehagane i Vindafjord, men det vert ein anneleis kvardag enn den me er kjent med.

For å ivareta smittervern og helsefaglege hensyn må me gjera nokre grep og vil difor ikkje kunne starte opp med opphaldstid på meir enn opp mot 7 timar kvar dag for barn som har full plass. Me må sikre nok tilsette gjennom heile dagen for å møte alle på ein forsvarleg, trygg og god måte i tråd med Rettleiiar for smittevern 

Dette betyr at barnehagane fram mot 1. mai vil ha begrensa opningstid på 7,5 timer pr dag. Tidspunkt kan varier mellom barnehagar og avdelingar, då barnehagane vil ha dialog med foreldre/føresette for å ha full oversikt over kven som kjem i barnehagen frå måndag av. Barnehagane er klare til opning for alle, og foreldrebetaling blir lagt inn igjen frå 20.april (14.april for dei som allereie har nytta seg av tilbod om tilsyn).  

Sjå gjerne filmen frå utdanningsdirektoratet saman med barnet som utgangspunkt for ein samtale før oppstart

Barnehagar - Informasjon om koronasituasjonen

Spørsmål?
Har du meir spørsmål som gjeld oppstart barnehage eller tilsyn, ta direkte kontakt med styrar i barnehagen din. Den enkelte barnehage vert lokal tilpassa, med reglar og organisering grunna ulik storleik og utforming på byggja.
Dersom det er overordna spørsmål på kommunenivå, ta kontakt med barnehagerådgjevar Inger Kathrine Sundve.

Kontaktinformasjon finn de her.

Til slutt vil eg ønskja alle lukke til med oppstarten. Barn og foreldre kan vera trygge på at ungane vil bli møtt av trygge og gode vaksne, som vil gjera alt for at dei skal få ein god oppstart. Motiverte tilsette og leiarar gler seg til å få møta barna igjen.

Med helsing

Nils Erik Eide
Kommunalsjef Oppvekst
98 28 68 72

13.04.20 - Utvida liste over kritiske og viktige samfunnsfunksjoner

Tilsette i barnehagar/1.-4.steg i skule definert som samfunnskritiske roller frå 13.april

Tilsette i barnehagar og tilsette på 1. – 4. steg i skulen er få 13. april 2020 rekna som viktig personell i handteringa av koronakrisa. Born av personell i desse verksemdene kan få tilbod om barnehage- og skuleplass. Det er tilstrekkeleg at ein føresatt arbeider i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbud. Der barnet ikkje bur saman med begge foreldra/føresatte, men der den eine føresatte er i samfunnskritisk funksjon kan det og bli gitt tilbod om plass.

Les meir på: https://www.udir.no/korona#ikkehjemme

Med helsing  
Utdanningsdirektoratet  

03.04.20 - Microsoft Teams blir stengt for elevar i påskeferien

Påsken er ei tid med undervisningsfri, og i den samanheng har eigar bestemt at Teams blir stengt ned i heile påskeferien. Denne kommunikasjonsplattforma vart innført i denne perioden for at ein skal ha ein god kommunikasjon mellom elev og lærar rundt skulearbeidet. Kommunen har ansvar for personvern og tilsyn av bruken av denne.

03.04.20 - Korleis snakke til barn og foreldre om nettvett?

Sjekk ut dette dokument med tips til korleis ein kan snakke til barn og foreldre om nettvett:

30.03.20 - Læringsmiljøprosjekt

To av skulane våre skal delta i eit læringsmiljøprosjekt i regi av Udir over dei to neste to skuleåra. Det er skulane Ølen og Vikedal. Det har over tid vore ein stor utfordring på ein av skulane, slik at Utdanningsdirektøren i Rogaland oppmoda kommunen å delta på dette prosjektet. Barnehagane i dei to bygdene blir også med på prosjektet, i tillegg til PPT.

Læringsmiljøprosjektet er eit tilbod til kommunar med barnehagar og skular som ønskjer å jobbe med læringsmiljø og mobbing, og som ønskjer direkte støtte og rettleiing frå rettleiarar som kjem til kommunen.

Faste rettleiingsteam vil vera tilknytt kommunen. Og kvart semester vil det vera faste samlingar for alle. Kommunen deltek med to skular, og kan også ta med to barnehagar. Dette er meint som et førebyggjande tiltak.

Her finn du meir info om Læringsmiljøprosjektet.

 

26.03.20 - Eksamen 2020 er avlyst

Ut frå den uventa skulekvardagen me fekk med korona-epedimien, vart undervisninga og førebuinga til eksamen annleis denne våren. Eksamen, skriftleg og munnleg, er altså avlyst for 10.klasse.  

Skulane vil prøva å leggja til rette for at alle skal få ei god vurdering og få høve til å vise kunnskapen sin som eit godt grunnlag for standpunkt karakter i alle fag. Skulen ynskjer også å gi alle god trening i avsluttande prøvar - munnlege og skriftleg.

24.03.20 - Til barn og unge i Vindafjord!

Treng du å prate med nokon? Helsesjukepleiar er her for deg!

20.03.20 - Pilot i regional kompetanseutvikling

Barnehagebasert kompetanseutvikling er hovudtiltak for å sikre at alle barn får eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet, i tråd med rammeplan for barnehagane.

Sandeid barnehage er pilot i dette arbeidet i Vindafjord,  og godt i gang med sitt arbeid. Dei har kartlagt og analysert arbeidet i barnehagen og utarbeidar ein kompetanseutviklingsplan.

«Utviklingspartnere» frå Høgskolen Vestlandet har vore på besøk ein heil dag,  ute i avdelingane, på personalmøte på ettermiddagen, og elles i møter med pedagogane osb. Eit spannande arbeid er på gong, og skal utvidas med klyngebarnehagar i nettverk saman med Sandeid barnehage. Det er ynskjeleg å få alle barnehagane i kommunen med i nettverk. Arbeidet er i samarbeid med dei øvrige kommunane på Haugalandet, førebels med ein pilot i Suldal og ein i Haugesund i tillegg til vår eigen.

Les meir om Regional Kompetanseordning her

04.03.20 - Barnehage-/skulebruksplan - informasjonsskriv 1 frå rådmannen

Kommunestyret vedtok i desember 2018 at det skal utarbeidast ein barnehage – og skulebruksplan i løpet av 2020. Vindafjord kommune har leigd inn Norconsult til å utarbeide rapporten.

 

Klikk for stort bilete  

 

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30